Nytt år med Returkartonglotteriet

SKYLL, BRETT OG STAPP: Returkartonglotteriet starta opp i 1997, og er no inne i sitt 24. år. Foto: Grønt punkt Norge.

SKYLL, BRETT OG STAPP: Returkartonglotteriet starta opp i 1997, og er no inne i sitt 24. år. Foto: Grønt punkt Norge.

Heile fire vinnarar var frå Sogn i 2019

I 2019 har me hatt fire vinnarar frå Sogn: Ein mann frå Vik, kvinne frå Aurland, mann frå Leikanger og kvinne frå Leikanger.

Til saman har det vore 11 heldige vinnarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane i Returkartonlotteriet, med ein samla gevinst på 110 000 kroner.

- Det er gratis å delta i returkartonglotteriet, og kvart kvartal trekker me på landsbasis ut 30 vinnarar som får 10.000 kroner og ein som får 100.000 kroner, opplyser Grønt Punkt Norge, som står bak ordninga.

Kanskje me får endå fleire heldige vinnarar i regionen vår i 2020! Skyll, brett og stapp i veg, Sogningar!

Lukke til!


Kva skjer med kartongane du sender til gjenvinning?

Gjenvinning av drikkekartongar skjer på denne måten:

  1. Utsortert drikkekartong vert pressa til ballar og vert seld til papirfabrikkar 

  2. Kartongane vert kverna opp og tilsett vatn. Papirfibrane vert reinsa, tromla og pressa og blir til nye papp- og papirprodukt med minimalt bruk av kjemikalie

  3. Papiret vert brukt i produksjon av nye kartongar som pizza-, corn-flakes-, skoøsjer mm.

Sjølv om alle som kildesorterar drikkekartongar ikkje kan vinne Returkartonglotteriet, så er i alle fall miljøet ein vinner då alle kartongane vert gjenvunne til nytt papir.


Korleis blir du med i trekninga?

Grønt Punkt Norge arrangerer lotteriet, og me i SIMAS syter for at abonnentane sine lodd vert med i trekninga. Dykkar lodd er ei kubbe med kartongar eller kun ein einskildkartong.

Du må skrive namn og telefonnummer på kubben. Ein kubbe må bestå av minst seks drikkekartongar stappa inni ein kartong. Legg kartongen eller kubben med kartongar laust i avfallsdunken saman med papp og papir. Du skal ikkje pakke kubben inn i ein pose eller liknande.

Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000. For å kunne vinne hovudpremien må du levere ein kubbe, enkeltkartongar er kun med i trekkinga av kr. 10.000.


Fakta om Returkartonglotteriet

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10.000 og 4 premiar à kr. 100.000.

  • Seks tomme og skylla drikkekartongar skal vere bretta ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein ”kubbe”. Korkar og lok kan henga utanfor. For skulemjølk-kartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte. Du kan òg levere einskilde kartongar, men då kan du ikkje vinne hovudpremien på kr 100.000.

  • Deltakar skriv namn og telefonnummer på den de vil skal vinne på ”kubben” og leverer kubben i den kommunale innsamlingsordninga. Då har du eit lodd.

  • Kubbar vert trekt på 84 ulike trekkjestadar, spreidd over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggjartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Desse kubbane går vidare til nasjonal trekning.


Tidligare vinnarar frå Sogn:

Forrige
Forrige

Gjer dagen lettare for renovatøren!

Neste
Neste

Endring i gebyr på hytterenovasjon