Ny vinnar frå Sogndal

Returkartonglotteriet01.jpg

Reidunn Kari Hellevang har skylt og bretta kartongar i fleire år, men aldri tenkt at ho skulle vinne.

– Du kan sei eg vart overraska. Eg tenkte det var barnehagar og skular som vann. Men det er flott å vinne, eg smilte godt då eg fekk beskjeden, fortel Hellevang.

Sogndølen har skylt og bretta kartongar i fleire år. Det har vorte ein god rutine. Og med fem gutar og ein mann i hus, har det vore mange kartongar i omløp. Då er det vel fortent å vinne 10.000 kronar i Returkartonglotteriet.

– Det kom brått på, så eg veit ikkje heilt kva eg skal nytte pengane til. Men det er flott at Simas har eit opplegg for resirkulering. Eg er oppteken av det, fortel Hellevang.

Me i Simas gratulerer så mykje!

Les meir om Returkartonglotteriet.

Tidligare vinnarar frå Sogn:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sirkulærøkonomi med Leo Ajkic

Neste
Neste

Fleire behaldarar vart ikkje tømde i går