Barnehagen bretta seg til gevinst i returkartonglotteriet

No står kule leiker, planter, roser, bosbil og brannbil på ønskjelista.

Denne veka var diplomet på plass, som eit synleg bevis på at Flåm barnehage er den nye vinnaren av returkortlotteriet. Med dette følgjer også ein premie på 10 000 kroner.

- Dette er skikkeleg kjekt, seier Jorunn Tokvam i Flåm barnehage.

Fleire med flaks i Flåm

Ifølgje Tokvam starta det heile med at ein tilsett ved skulen i Flåm for nokre år sidan kunne innkassere premie i Returkartonglotteriet.

- Då blei me inspirerte til å delta i barnehagen også, forklarer Tokvam.

Men det stogga ikke der.

- For eit par år sidan var eg faktisk så heldig å bli trekt ut sjølv, tilføyer Tokvam.

Og etter om lag fire år med skylling, bretting og sortering var det altså barnehagen sin tur til å vinne.

- No skal me finne ut korleis premien kan kome borna til gode, avsluttar Tokvam.

Simas gratulerer dei sjarmerande vinnarane!


Korleis bli med i trekninga?

Her er alt du treng å vite om Returkartonglotteriet.

Nytt av 2022

Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000.

Nytt frå og med 1. januar 2022 er at du ikkje lenger treng å lage kubbe for å vere med i trekninga av den store premien på kr. 100 000. No tel óg einskildkartongar som lodd til hovudpremien.

 

Sjå vinnarane frå Sogn:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Så gale kan det gå om du kastar elektronikk i restavfallet

Neste
Neste

Laurdag vart den nye Miljøparken i Luster opna!