Så gale kan det gå om du kastar elektronikk i restavfallet

Kva har det eigentleg å seie om du kastar ei lampe eller eit batteri saman med restavfallet ditt?

Førre veke fekk operatørane hjå SIMAS ei ufrivillig påminning om kor alvorlege konsekvensane kan bli, då det byrja brenne i presshallen.

- Utfallet kunne ha vore veldig ille, men denne gongen gjekk det heldigvis bra, forklarer Anne Sigrid Loftesnes Harjo, HMS-/kvalitetsleiar ved SIMAS.

Årsaken til brannen var ei ladbar lykt, som var kasta saman med restavfallet.

- Lykta har blitt knust i komprimator eller søppelbil og byrja brenne.

Rask respons hindra storbrann

Berre flaks gjorde at brannen blei raskt oppdaga og sløkt. 

- Heldigvis blei brannen oppdaga på tampen av arbeidsdagen. Hadde den ikkje blitt det, kunne det gått skikkeleg gale, forklarer Loftesnes Harjo.

- Elektronisk avfall på avvege utgjer ein stor risiko, både for våre tilsette som handterer ressursane og for SIMAS sine bygg og anlegg.

Usikker på korleis du sorterer?

Her er ei oversikt over korleis sorteringa fungerer i Sogn.

- Saman sikrar me at ressursane, på forsvarleg vis, hamnar på rett veg, avsluttar Loftesnes Harjo.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Møt oss på marknad laurdag 11. juni

Neste
Neste

Barnehagen bretta seg til gevinst i returkartonglotteriet