Strandrydding
Strandryddeveka er eit årleg arrangement i regi av Hold Norge Rent. Det starta med ein strandryddedag i 2011, men etter kvart er interessen blitt så stor at arrangementet har blitt utvida til ei heil veke med rydding kvar haust! I tillegg arrangerast det no jamnleg aksjonar gjennom heile året.
Me i SIMAS heier på initiativet, og oppfordrar sogningane til å bidra. Ein kan rydde langs elver, strender og langs fjorden - eller på turstier og i byrommet. Gjerne i nærleiken av der du bur! Få med deg vener, familie eller kollegaer slik at me saman kan få det reint i naturen vår.
Les meir om korleis du kan bidra her.
Sjølv om noko har lege ute i naturen kan det kanskje gjenvinnast! Forsøk gjerne å sortér litt undervegs, så sikrar Simas at mest mogleg av det innsamla vert resirkulert.
Innsamla eigarlaust marint avfall kan leverast gratis på alle våre miljøstasjonar!
Kystlotteriet
Kystlotteriet vart starta av Naturvernforbundet i Østfold med Sten Helberg i spissen.
– Det er eit motivasjonsprosjekt, som starta opp som ein pilot på strandryddedagen 2016 i Fredrikstad og Hvaler, fortel Helberg.
Du kan hente sekker eller poser til rydding på miljøstasjonane våre, eller bruke ein pose du allereie har heime.
Les meir om korleis du deltek i lotteriet nedover på denne sida.
Sjølv om noko har lege ute i naturen kan det kanskje gjenvinnast! Forsøk gjerne å sortér litt undervegs, så sikrar Simas at mest mogleg av det innsamla vert resirkulert.
Innsamla eigarlaust marint avfall kan leverast gratis på alle våre miljøstasjonar!

Lotteriet fungerer slik:
Hent spesialsekk frå Kystlotteriet på ein miljøstasjon, eller bruk ein pose eller sekk du allereie har heime.
Rydd langs vatn, bekk eller fjord (marint avfall). Legg avfallet i spesialsekken.
Lever sekken på ein av miljøstasjonane.
Registrer det innsamla avfallet på reg.kystlotteriet.no
Ha godt samvit for at du har rydda naturen, og kryss fingrane for at du i tillegg vert premiert for det :)
Det vert både lokale, regionale og nasjonale trekkingar gjennom heile året. Les meir om kystlotteriet her.
Få med deg kjende på å rydde langs fjord og vatn, og meld deg gjerne på her via Ryddeportalen. Del informasjonen med venene dine og hjelp oss å spreie det glade bodskap!