SIMAS er sertifisert Miljøfyrtårn
Me jobbar for å nå FNs bærekraftsmål - eit fokus som går igjen i alle ledd. Internt jobbar me systematisk med miljøtiltak ved å vere sertifisert gjennom stiftinga Miljøfyrtårn.
Miljøarbeid i SIMAS
Som interkommunalt renovasjon- og miljøselskap spiller SIMAS ei viktig rolle i miljøarbeidet i Sogn. Dette er ei rolle me tek på alvor, og som krev at me óg jobbar godt med dette internt.
Eit av tiltaka er å sertifisere SIMAS som Miljøfyrtårn. Dette er ei sertifisering som gjev oss visse forpliktingar, og som må fornyast kvart tredje år.
Her finn du årsrapporter for SIMAS IKS som Miljøfyrtårn: 2021 | 2022 | 2023
SIMAS er også klimapartner, som betyr at me er del av eit felleskap som forplikter seg til grønare drift og erfaringsutveksling for utvikling til eit meir berekraftig samfunn.
Her kan du sjå klimaregnskapet som er rapportert inn gjennom å være Klimapartner.
“SIMAS ønskjer å utnytte verdiane i avfallet, og å bidra til minst muleg utslepp av klimagassar og miljøgifter - på ein kostnadseffektiv måte.”
Tilbakemeldingar på miljøarbeidet vårt
Me vil legge til rette for at abonnentane kan gje tilbakemelding på miljøarbeidet vårt. Sei di meining ved å fylle ut skjemaet under.
Merk: Dette er ikkje eit kontaktskjema eller klageskjema, venleg ta kontakt via kontaktsidene våre.
Kva er berekraft?
Berekraft kan deles opp i arbeid eller prosesser som påverkar samfunn, økonomi og natur og klima. Me brukar også bruke desse kriteria til å vurdere om noko er berekraftig. Les meir om FN sine berekraftsmål på deira heimeside ved å trykke her.
Sosial berekraft og krav til andre partar i kontraktar og samarbeid
Dokumentet som beskriv kva SIMAS skal etterspørre og sjå etter, i handel med andre bedriftar og selskapar heiter Delegasjon og innkjøpsreglement. Spesifikasjonane kring klima og miljø er under revidering og vert publisert på denne sida når dei er klare.
Me jobber også med å påvirke arbeidsrettigheitane til sjåfører av tung transport. I samarbeid med andre selskap vil me gjennomføre en revisjon av ein stor aktør innen dette bransjefeltet i løpet av 2025. Vidare har me utarbeida, etter inspirasjon frå andre avfall- og renovasjonselskap, retningslinje for stikkontroll av sjåførar- der me etterspør dokument og etterstreber å kontrollera at sjåførane har sine arbeidsrettigheitar i behald.
Bilparken vår
SIMAS sin bilpark består av kjøretøy med forbrenningsmotor som nyttar diesel som energikilde. Sjølv om desse bilane går på fossilt drivstoff, er det nyare bilar som brukar diesel meir effektivt og elektriske renovasjonsbilar er per no ikke vurdert som riktig for oss å anskaffe, etter kriteria samfunn, økonomi, og klima/miljø.