Prisar hytterenovasjon
SIMAS tilbyr henting av avfall til dei som har fritidseigedom i alle kommunane våre.
Me vil sikre at avfallet ikkje dreg på avvege og vert liggande att i naturen.
Lever avfallet til fellescontainer
Det er ei lovpålagt oppgåve for kommunane å samle inn avfall frå fritidseigedomar på lik linje med anna hushaldningsavfall (jf. Ureiningslova § 30). Det betyr at alle kommunane våre må tilby henting av avfall til dei som har fritidseigedom.
For fritidsbustader har ein valt å nytte ei bringteneste der brukarane sjølv må bringe avfallet til næraste felles container. Gebyret for fritidsabonnentar er sett lågare enn for abonnentar som har eigne avfallsbehaldarar.
Gebyret er regulert etter fire kriterium:
1.
Hytter som er eigd av firma, ein instutisjon eller lag. Hytter som blir leigd ut.
2.
Avstanden frå køyrbar veg (bil), togstasjon (tog) eller brygge (båt) til hytta er mindre enn 1 km (uavhengig av om vegen er stengd deler av året).
3.
Hytta eller fritidseigedommen har innlagt vatn.
4.
Hytta eller fritidseigedommen har innlagt straum.