SIMAS si handsaming av Openheitslova
SIMAS skal jobbe aktivt for å sikre at me respekterer grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i vår eiga verksemd og i leverandørkjeda vår.
Openheitslova skal sikra publikum tilgang til informasjon om korleis me jobbar med dette. Lova bygger på OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap. Dette inneber blant anna at me gjennomfører såkalla aktsemdsvurderingar, som føl ein klar struktur og rekkefølge på seks trinn:
Slik har me jobba med desse trinna:
1. Forankre ansvarskjensle i retningsliner og styringssystem:
Ansvarskjensle er forankra i dette overordna dokumentet for styring av verksemda og er vedteke av styret i selskapet. Dagleg leiar har ansvar for gjennomføringa av arbeidet og at dokumentet er gjort kjent i heile verksemda. Openheitslova skal vera tema i styremøter, leiarmøter og avdelingsmøter gjennom året. Alle våre innkjøpskontraktar og avtalar med våre leverandørar skal for framtida innehalde ei forplikting til å respektere grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.
2. Kartleggje og vurdere negativ påverking/skade:
I kartlegginga av risiko ser me på alle leverandørar til selskapet og vurderer kvar risikoen for brot på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold er størst. Me sorterer leverandørane etter storleik når det gjeld innkjøp og startar med å gjennomføre risikovurdering på dei største leverandørane. Me vil deretter prioritere dei områdene der me ser at det er størst risiko for negativ påverknad eller skade.
Ein stor del av våre innkjøp gjeld transporttenester, dette er ein bransje der risikoen for uanstendige arbeidsforhold kan vera høg og er difor prioritert i kartlegginga. SIMAS vil gjennomføre revisjonar av alle store innkjøpskontraktar. I dette arbeidet vil me blant anna gjennomføre undersøkingar på arbeidsforholda for sjåførane til leverandørar og underleverandørar.
SIMAS har og mottakarar av avfall som blir rekna som kundar. Me vil og gjere risikovurdering av desse og handsame dei på same måte som leverandørar.
Menneskerettar og anstendige arbeidsforhold skal vera i fokus under alle desse revisjonane.
3. Stans forebygg eller reduser:
Ved funn av negative konsekvensar skal SIMAS snarast setje i gong tiltak for å stanse, forebygge og redusere negativ påverking. Våre leverandørar må rette opp manglar innan fristar som er definert i kontrakt.
4. Overvak:
Forbetringstiltak hjå leverandørar skal følgjast opp slik at me sikrar at forholda blir ordna opp i. Avvik og resultat skal bli loggført og rapportert på dette i årsrapporten.
5. Kommunisere:
Arbeidet skal rapporterast årleg i selskapet si årsmelding. Førespurnader om selskapet si påverking av menneskerettar og anstendige arbeidsforhold skal svarast på utan opphald.
6. Sørge for samarbeide om gjenoppretting/erstatning:
Me føl opp saker som krev erstatning. Dersom SIMAS har forårsaka skade skal bedrifta gjenopprette dette. Det skal vera mogleg for dei som er skadelidande har tilgang til klageordning for å få si sak høyrt.