SIMAS Ombruk

Ved å bruke om igjen i staden for å kjøpe nytt, reduserer me uthenting av nye råvarer. Det gjer godt for kloden vår!

SIMAS arbeider for å endre lokalsamfunnet mot ein meir sirkulær økonomi. Me har spesielt stort fokus på auka ombruk og materialgjenvinning av naturressursar. Og her kan du bidra!

“Me vil leggje til rette for meir ombruk i Sogn”

Besøk ombruksbua på miljøstasjonen din

På alle miljøstasjonane våre finn du eigne ombruksavdelingar.

Neste gong du er innom, kanskje noko kan setjast igjen der slik at andre kan få nytte av det?

Det er óg heilt gratis å plukke med seg ting frå ombruksavdelinga.

Finn nærmaste miljøstasjon her 

Me oppdaterer jamnleg SIMAS Ombruk på Facebook, der kan du sjå kva som finst på dei ulike miljøstasjonane.

Kva skjedde med ombruksbutikken i Sogndal?

I 2024 prøvde me ut eit ombrukstilbod i deler av Omatte sitt lokale i Sogndal. Diverre la Omatte ned frå nyttår 2025, difor har me måtte fjerne alle ombruksartiklane våre frå butikken.

Prosjektet blei finansiert av midlar frå Fylkeskommunen for berekraftig stadsutvikling og var eit samarbeid mellom Sogndal kommune, Sogn næring og SIMAS IKS.

Me er i dialog med prosjektpartnarane om å få til eit nytt tilbod med sal av ombruksartiklar i Sogndal. Dette arbeidet pågår.

Kart: Reparasjon og ombruk i Sogn

Lyst til å reparere, leige eller kjøpe brukt? Dette kartet samler alle tilbod i Sogn på ein plass.

Bruk kartet direkte på nettsida her, eller klikk her for å opne kartet i ny fane.

Nyheiter innan ombruk