Snart blir det endå meir ombruk i Festingdalen

No utvidar me satsinga på ombruk med endå ei bruktbu. Det gjer at du både kan levere og ta med deg fleire brukte skattar.

På alle miljøstasjonane til SIMAS finn du eigne område merka “Ombruk”. Her kan ein levere møblar som ikkje er salgbare, men fullt ut brukbare, samt andre gjenstander til ombruk - stort og smått. Det er gratis å både levere og hente.

– Tilbodet er blitt populært, og no utvidar me med eit nytt bygg i Festingdalen som skal stå klart i løpet av vårparten, fortel prosjektleiar Jan Frode Bolstad.

– Bygget vert reist stort sett med materialar som er leverte på miljøstasjonane våre. Me har mellom anna fått glas frå ein tidlegare restaurant, og difor står det “Fisk, kjøttretter, kebab, pizza, pasta” på døra til bygget.

Me i SIMAS gler oss til det nye bygget står klart, og håpar mange vil nytte seg av ombrukstilbodet framover.

Hugs at du kan følge med på SIMAS Ombruk på Facebook for å sjå kva som finst på dei ulike miljøstasjonane.

Bilder frå bygginga:

(Klikk på bilda for stor visning)

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

SIMAS opnar ny Ombruk-butikk

Neste
Neste

Ny tømmedag for ein del SIMAS-abonnentar