Bestille ny behaldar eller melde inn skade
Har du behov for å endre behaldar? Me tilbyr frå 80 til 660 liter. Dette kan du enkelt endre inne på Mi side. Har det skjedd ein skade på behaldaren kan du melde om dette på same plass.
(Her har vi laga ein steg-for-steg-guide til korleis du gjer dette sjølv på nett)
80 liter - mindre
Restavfall
Mål i mm (BxDxH):
Lik 140l m/mindre rom.
140 liter - normal
Restavfall, papp/papir glas/metall og våtorganisk.
Mål i mm (BxDxH):
480 x 560 x 1070
240 liter - større
Restavfall, papp/papir og glas/metall.
Mål i mm (BxDxH):
580 x 740 x 1070
660 liter - størst
Restavfall, papp/papir og glas/metall.
Mål (BXDXH):
1360 x 770 x 1180
Info om behaldarane våre
Restavfall er den dyraste fraksjonen, då det skal løne seg å resirkulere. Me ønskjer at abonnentane våre kjeldesorterer mest mogleg og har difor gjort det mogleg å få utdelt ein mindre restavfallsbehaldar (80 liter) og betale lågare pris. Denne behaldaren er like stor som 140 l, men er oppbygd innvendig og rommar kun 80 l.
Større behaldar vil medføre ein auke i renovasjonsgebyret. Til dømes vil ei endring av restavfallsbehaldar frå 140 liter til 240 liter medføre ein auke på 809,- kroner pr. år. I tillegg kjem det eit eingongsgebyr på utkøyring.
Utlevering og byte av ny avfallsbehaldar skjer innan 14 dagar.
Pris utkøyring ny behaldar
Det vert teke gebyr for transport av avfallsbehaldarar ved endring av abonnement, og ved byte av skada behaldar grunna aktlaus bruk.
Det vert ikkje teke gebyr for transport ved skade på behaldar ved tømming, byte ved slitasje av behaldar, oppstart av nytt abonnement eller om behaldaren vert vekke.
Endring i abonnement
Prisane vil endre seg om du endrar størrelsen på behaldar for restavfall. Ein kan også gå opp i størrelse for papp og papir, men dette vil ikkje medføre prisendring i abonnement. Endring i gebyr vert gjort gjeldande frå og med fyrste heile månad etter at SIMAS har motteke bestillinga.