SIMAS opnar ny Ombruk-butikk

Mange har ønskt seg eit SIMAS-tilbod med ombruk i Sogndal sentrum. No opnar me heilt ny butikk på Omatte.

Sogndal kommune har saman med SIMAS fått tilskot av Fylkeskommunen til berekraftig samfunnsutvikling gjennom sirkulære verdikjeder og ombrukstilbod. Tilskotet vil bli nytta til å teste ut eit ombrukstilbod nærare sentrum, noko som har vore etterlyst lenge.

Dette vil skje i samarbeid med Omatte, kor SIMAS vil leige deler av lokalet i gamle Svendsenbygget i Sogndalsfjøra.

Å jobbe med å få til meir ombruk er ein av dei viktigaste satsingsområda til SIMAS. Ved å bruke ting om igjen, reduserer ein behovet for å produsere nye produkt, og ein sparar ressursar og energi.

- Dagny Alvik, direktør i SIMAS

Særleg har sogndølene ønska seg eit tilbod for brukte møbler. Difor er det nettopp møbler som blir hovudsatsinga i den nye butikken.

Møblane vil vere heile, reine og salgbare, og blir henta inn frå miljøstasjonane i Sogndal kommune; Dragsvik, Leikanger og Festingdalen.

Om ein ønskjer å levere møbler ein ikkje treng lenger, vil butikken vere bemanna måndager kl. 14:00 - 17:00 og torsdagar kl. 16:00 - 18:00.

– Me begynner i det små, og er veldig spente på korleis dette kan utvikla seg. Me håpar dette er eit tilbod innbyggarane kjem til å setje pris på framover seier Jan Frode Bolstad, leiar for miljøstasjonane i SIMAS.

Døme på møblar me tek imot er sofaer, lenestolar, stolar, bord, skap og kommodar, golvtepper, tepper, puter, lamper, bilete og andre større interiørting. Om du er usikker på levering til butikk eller miljøstasjon, ta gjerne kontakt på Facebook-sida vår: SIMAS Ombruk.

Butikken opnar laurdag 27. januar, me håper å sjå deg der!

Forrige
Forrige

Kjeldesortering - korleis og kvifor? Informasjonsmøte i Årdal

Neste
Neste

Snart blir det endå meir ombruk i Festingdalen