– Det meste i huset her er brukt

Ein av dei har kryssa Hardangervidda på brukte ski, ein annan har bygt campervan av overskotsmaterial. Bli med inn i «ombrukskollektivet» i Sogndal.

I Sogndal har tre unge karar over tid skapt seg eit særs miljøvennleg bukollektiv. Blant brukte saker og retromøblar bur Jakk Solholm (23), Herman Iversen (25) og Jørn Mortensen (30).

– Det meste i huset her er brukt, fortel Herman. Stova er innreda med brukte LP-plater og møblar vi har funne eller fått. På kjøkenet er det same stil med ein del me har fått med oss heimanfrå, mykje som er kjøpt brukt og noko utstyr frå SIMAS si ombruksbu i Festingdalen.

I stova hjå “ombrukskollektivet” er det meste kjøpt brukt.

Så finst det likevel nokre ting som er nye. Det gjeld i hovudsak elektronikk som TV, høgtalarar og spillkonsollar. Og ein del av sports- og friluftsutstyret, då. 

– Når ein er aktiv i til dømes ski eller klartring, går pengane fort unna. Då er det kjekt å kunne handle brukt, spesielt for oss som lev på studiestipend, seier Jakk.

Erfaringa er at mykje ein finn på bruktbutikkar framleis har same kvalitet som nytt. Nokre gonger kan ein til og med finne ting som ikkje har blitt brukt i det heile.

For dei tre karane er det eit lett val å spare pengar på å kjøpe brukt. På same tid er dei opptekne av å redusere eiget forbruk og presset på naturressursar som kjem med det.

Hardangervidda på tvers på brukte ski

Jakk studerer friluftsliv ved Høgskulen på Vestlandet. Eit av krava på studiet er å gjennomføre ein ekspedisjon over Hardangervidda. I lavt skydekke og bitande kulde gjekk han og to medstudentar i fem dagar for å krysse nasjonalparken.

Og på beina? Brukte fjellski som han hadde funne på SIMAS Ombruk.

 – Skia fungerte fjell, seier Jakk. Dei nye fellene derimot, var så som så ...

Jakk Solholm (23) kryssa Hardangervidda på brukte ski frå SIMAS Ombruk.

Brukte material gir liv til campervan-draumen

Blant karane finn du óg Jørn Mortensen, som jobbar som rådgivar i SIMAS. Han er over snittet opptatt av eiget klimaavtrykk. Dei siste åra har han spist mindre kjøt, handla meir brukt og begrensa antal flyreiser til ein tur/retur-reise per år. Nettopp det sistnemnde synest han kan vere utfordrande. 

– Eg kjenner jo at eg har lyst til å reise meir enn kva eg har samvit til. I år er flyreisa mi allereie “brukt opp” på jobbreise i høve eit program for å akselerere sirkulær økonomi blant bedrifter i Norden.

– Til sommaren freistar det med ferie til sørlegare strøk. For å lette samvitet, har eg måtte tenke litt annleis.

Løysinga blei å få tak i ein varebil og gjere han om til campervan. Han har valt rimelege og miljøvennlege løysingar: eit dynetrekk er blitt til gardiner, resteplank har blitt til seng og overskotsparkett løftar intrykket. Alt i alt anslår Jørn at bygging og innreiing av bilen har kosta om lag 300 kroner.

– Til sommaren går turen via Tyskland til Tsjekkia, og eg gler meg stort!

Campervanen skal køyre heile vegen til Tsjekkia i sommar.

Lyst til å bli betre på ombruk du óg?


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Renovasjonsordning Ofredal, Seimsdal og Fardalen

Neste
Neste

Me held stengt fredag 21. juni 2024