Renovasjonsordning Ofredal, Seimsdal og Fardalen
Informasjon om ny renovasjonsordning
Den 10.juni 2024 gjennomførte representantar frå SIMAS IKS og Årdal kommune synfaring og møte med mål om å få til ei god renovasjonsordning for fastbuande og hytteabonnentar.
SIMAS IKS og Årdal kommune har blitt einige om følgande:
Returpunkt Seimsdalen:
Returpunktet i Seimsdalen ved busslomme i Dalavegen vert flytta til kommunalt areal ved Ekra. Her skal det etablerast returpunkt/tilbringarpunkt for fastbuande i Ofredalen, samt hytteabonnentar i området.
Alle abonnentar skal få tilbod om fullsortering ved returpunkta: restavfall, papp/papir, glas og metall, våtorganisk avfall og plastemballasje.
Per i dag er det tre abonnentar som leverer til felles dunk i Dalavegen, desse vil gå inn på ordinær renovasjonsordning med eigne dunkar.
Returpunkt Øvre Årdal:
Det vil bli å etablere returpunkt/tilbringarpunkt for fastbuande i Fardalen og hytteabonnentar i Fardalen ved kommunal biloppstillingsplass i Øvstetunvegen 5.
Alle abonnentar skal få tilbod om fullsortering ved returpunkt/tilbringar: restavfall, papp/papir, glas og metall, våtorganisk avfall og plastemballasje.
Alle fastbuande i Ofredalen og i Fardalen, samt hytteabonnentar i Ofredal, Seimsdal og Fardalen vert med dette invitert til eit informasjonsmøte torsdag 8.august kl.17:00 i kinosalen på Årdalstangen.
På møte vil representantar for SIMAS IKS og Årdal kommune vere til stades, og me vil informere om alt det praktiske kring tilbringarordninga og returpunkta.