SIMAS søkjer driftskoordinator i fast stilling

Lyst på ei sentral rolle i eit framtidsretta renovasjonsselskap? Då må du sjå her.

Kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året. Alt dette ser me ressursar, og vårt mål er å få "“Ressursar på rett veg”. No treng me ein driftskoordinatur i avdeling for transport og innsamling, som vil få ei sentral rolle i arbeidet.

Som driftskoordinator får du ansvar for dagleg oppfølging av drift i SIMAS. Du vil administrere og koordinere oppgåver knytt til m.a. logistikk, transport og innsamling av avfall. Ikkje minst deltar du i utvikling, optimalisering og digitalisering av tenestene våre.

Hjå oss vil du få jobbe innan eit spennande fagområde, med kjekke kollegaer og konkurransedyktig løn. Arbeidsstaden er i Festingdalen på Kaupanger, eit naturskjønt område kor du kan nyte flotte turar året rundt.

Søknadsfrist: 1. august 2024

Type stilling: Fast, heiltid

Interessert? Søk på knappen under. Og hugs søknadsfristen 4. august 2024!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Avfallskalender frå 1. juli er på plass

Neste
Neste

Renovasjonsordning Ofredal, Seimsdal og Fardalen