Utvida samarbeid med Sogneprodukt

Den nye piloten styrkar ombrukstilbodet ved å tilby transport og reparasjon av møblar. Dette kjem i tillegg til sykkelsamarbeidet der Sogneprodukt no også vil kunne selje nokre syklar i SIMAS si avdeling hjå Omatte.  

I arbeidet med å gjera ombruk enklare startar Sogneprodukt 4. april å tilby transport til/frå ombruksbutikken på Omatte kvar torsdag. Frakt av ombruksartiklar kan gjerast på strekninga: Balestrand – Vik – Leikanger – Kaupanger. Detta håpar me vil gjera det enklare å handle brukt. Ved å tilby frakt kan me få møblar frå bod/loft/garasje inn i nye heimar og dei som har sett noko fint i butikken vår men som ikkje har høve til å henta det sjølv, kan få det levert på døra.  

I løpet av sommarhalvåret i 2023 leverte SIMAS kring 200 syklar til Sogneprodukt. Mange av desse treng berre litt oppfrisking før dei kan brukast meir, resten av dei kan brukast som delelager i reparasjon. I løpet av vinteren 23/24 har Sogneprodukt reparert syklane og dei som no ynskjer eller treng ein ny sykkel kan vere so heldige å kjøpe ein som er «redda» frå å enda i ein konteinar.  

Sogneprodukt er ein av få i regionen som tilbyr å trekke om og reparere møblar. Operatørane på miljøstasjonane vil no vere ekstra på vakt etter møblar som kan oppfriskast og leverast til Sogneprodukt. Dei kan gjere dei «so god som ny» og har anledning til å få ein liten utstillingsplass i avdelinga på Omatte. 

Med bakgrunn i tilbakemeldingar frå innbyggarar og salstal frå butikken (252 gjenstandar har i skrivande stund fått ein ny heim), har me trua på at det utvika samarbeidet vil løfte tilbodet og gjera at fleire tek grøne val i Sogn. 

Det grøne skiftet handlar om meir enn å redusere utslepp av CO2. Gjennom vår livsstil og vårt forbruk legg menneskelege aktivitetar beslag på store naturområde. I arbeidet med å gjera Sogn meir berekraftig jobbar SIMAS difor med å leggje til rette for meir ombruk. Slikt arbeid pågår i heile Norge, arbeid som skal gjera det enklare for oss innbyggarar å ta grøne val i kvardagen. For ved å bruke ressursane me har henta ut av naturen lengre, får naturområda meir plass og betre tid på å restituere seg. Slik at biologisk mangfald og økosystem kan bidra til å sikre vidare grunnlag for våre behov.  


Forrige
Forrige

Her finn du årsmeldinga for 2023

Neste
Neste

Årets SIMASkompost klar rett etter påske