Klart for ny ombruksbutikk i Sogndal

SIMAS ønskjer å legge til rette for meir ombruk i Sogn. Ting som kanskje ville blitt kasta, kan heller brukast om igjen. Difor er me glade for å inngå samarbeid med ny ombruksbutikk i Sogndal.

I 2024 prøvde SIMAS ut eit ombrukstilbod i deler av butikken Omatte sitt lokale i Sogndalsfjøra. Diverre la denne butikken ned frå nyttår 2025, difor har me måtte fjerne alle ombruksartiklane våre derifrå.

Prosjektet blei opprinneleg finansiert av midlar frå Fylkeskommunen for berekraftig stadsutvikling og var eit samarbeid mellom Sogndal kommune, Sogn næring og SIMAS IKS.

Sidan den gong har me vore i dialog med fleire om å få til eit nytt tilbod med sal av ombruksartiklar i Sogndal. No er me glade for at nyheita er komen ut i Sogn Avis om at bedrifta Poden & Boden kjem til å opne ny butikk på AMFI Sogningen. Dei har frå før butikk i Førde og har fått gode tilbakemeldingar.

Me ser fram til samarbeidet, og vil kome med mer informasjon når opning nærmar seg. I mellomtida kan du framleis både levere og hente ombruksartiklar på alle miljøstasjonane våre. Les meir om satsinga SIMAS Ombruk.

Foto: Faksimile frå Sogn Avis, 10.04.2025. Les artikkelen her (abo).

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Endring i opningstider på miljøstasjonane frå 1. mai 2025