Endring i opningstider på miljøstasjonane frå 1. mai 2025
No endrar me dei faste opningstidene på miljøstasjonane våre.
Basert på statistikk for besøk på miljøstasjonane og intern ressursutnytting vert det ei endring i opningstidene våre frå 1. mai 2025. Sjå alle endringane nedst i meldinga. Variasjon mellom sommar og vintertid vert avvikla.
Me ser at fleire har moglegheit og nyttar meir av tidsrommet miljøstasjonane held ope meir no enn tidlegare. Likevel vil me anbefale at dersom du treng hjelp med t.d. bæring eller utfylling av deklarasjon under besøket, at du tek turen før 14.00, då det er minst besøkande tidleg på dag.
Den største endringa vil vere for Lustringane. Miljøparken i Gaupne har ein dag mindre, men fleire timar totalt ope. Frå 1. juni 2025, vert ikkje Miljøparken open på onsdagar.
Høver ikkje opninga på miljøstasjonen for deg?
Miljøstasjon i Festingdalen er open kvar vekedag, 09.00 – 14.00 og torsdagar til 18.00.
Eventuelt køyr til ein annan miljøstasjon i kommunen eller nabokommunen.
Nye opningstider:
Aurland
Torsdagar 12.00 – 18.00. Heile året (ny tid vert sett under stenging av Lærdalstunellen).
Balestrand
April – oktober ope kvar onsdag 12.00 – 18.00
November – mars ope annakvar onsdag 12.00 18.00, oddetalsveker.
Festingdalen
Kvar vekedag 09.00 – 14.00, torsdag langope til 18.00. Heile året.
Høyanger
Torsdagar 12.00 – 18.00. Heile året.
Leikanger
Tysdagar 10.00 – 18.00. Heile året.
Luster
Måndagar 08.00 – 16.00 og torsdagar 10.00 – 18.00. Heile året.
Lærdal
Tysdagar 12.00 – 18.00. Heile året.
Vik
Torsdagar 10.00 – 18.00. Heile året.
Årdal
Måndagar 09.00 – 16.00 og Onsdagar 10.00 – 18.00. Heile året.