Laurdag vart den nye Miljøparken i Luster opna!

Ordførar Ivar Kvalen opna markeringa ved å sortere rett ressursane han fekk utdelt.

Me er stolt av resultatet og kor flott Miljøparken har vorte. Takk til alle som har bidrege i arbeidet, og til alle som kom og feira dagen i lag med oss.

Laurdag opna me nye Luster Miljøpark på Røneidsgrandane i Gaupne. Nesten åtte mål er no klargjort til sortering av avfall og ombruk av materialar. Dette har vore eit byggeprosjekt med høgt fokus på ombruk av materialar i byggeprosessen.

I tillegg til ein miljøstasjon der ein kan levere avfall til gjenvinning, er dette ein Miljøpark der me samarbeider med Luster Frivilligsentral. Ting som kjem inn til miljøstasjonen kan sorterast ut og omsetjast i bruktbutikken deira.

Sjå bilde frå opninga her:

Første kunde vart Harald Hess, som mottok blomar frå SIMAS.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Barnehagen bretta seg til gevinst i returkartonglotteriet

Neste
Neste

Me søkjer mekanikar og vedlikehaldsansvarleg