Bli med på opning av Luster miljøpark laurdag 28. mai
Saman med Luster kommune kan me stolt vise fram den nye miljøparken på Røneidsgrandane i Gaupne. Nesten åtte mål er klargjort til sortering av avfall og ombruk av materialar.
I administrasjonsbygget har bildekk blitt til vask, takstein frå rivningshus har blitt yttervegg og delar av barnehagen i Gaupne har blitt kledning. Alle vindauge er overskotsvarer frå Fjordglas, alle ytterdører er frå Lerum og fliser på våtrom er restefliser frå privatpersonar.
I tillegg til å vere den nye miljøstasjonen i Gaupne har me eit samarbeid med Luster Frivilligsentral. Ting som kjem inn til miljøstasjonen kan sorterast ut og omsetjast i bruktbutikken deira.
Opninga frå 11.00 til 12.00 inneheld:
Offisiell opning ved ordførar Ivar Kvalen
Kulturinnslag
Informasjon om prosjektet og helsingstalar
Synfaring
Lett servering med fokus på matsvinn
Høve til ein god miljøsamtale
Luster Miljøpark vil vere open for bruk fram til klokka 16.00.
Velkomen!
NB! Den gamle miljøstasjon er stengd onsdag 25. mai.