Maria frå Gaupne vann i Returkartonglotteriet

Nok ein sogning har vunne i Returkartonglotteriet. Denne gongen var det Maria Sandvik frå Gaupne som stakk av med ein av premiane.

Maria vann kr. 10 000.- etter å ha pakka kartongar i kubbe. Me gratulerer!

Korleis bli med i trekninga?

  • Loddet ditt i lotteriet kan vere ein kubbe med seks drikkekartongar eller ein einskildkartong.

  • Skriv namn og telefonnummer til den du ynskjer skal vinne på kubben/kartongen.

  • Legg kartongen/kubben laust i avfallsdunken saman med papp og papir. Du skal ikkje pakke kubben inn i pose eller liknande.

Du kan nytte drikkekartongar i alle storleiker og for alle typer mjølk, drikkeyoghurt, kefir, juice, vin, bøner, tomat, saus og pudding - i tillegg til tilsvarande kartongar for flytande vaske- og skyllemidler.

Les meir om Returkartonglotteriet her

Nytt av 2022

Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000.

Nytt frå og med 1. januar 2022 er at du ikkje lenger treng å lage kubbe for å vere med i trekninga av den store premien på kr. 100 000. No tel óg einskildkartongar som lodd til hovudpremien.

Sjå tidlegare vinnarar frå Sogn:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hyttecontainer på Vikafjellet er tekne inn for vinteren

Neste
Neste

Sigrid Henjum: - Eg meiner alt smakar betre ute!