Endring i gebyr på hytterenovasjon

Som mange andre avfallsselskap ser SIMAS ei stor auke i avfallsmengda frå hytter. Dette heng saman med at hyttene har vorte større, er meir i bruk og mange av dei har utleige.

I tidlegare modell hadde alle hytter same gebyr.

Eigarkommunane har no vedteke ein ny gebyrmodell for hytterenovasjon frå 2020 der vi regulerer gebyret etter standarden på hytta basert på fire kriterium.

Frå 2020 vil ei hytte utan vatn og straum betale 817 kroner i året, medan t.d. ei stor hytte med utleige vil få eit gebyr på 3791 kroner (prisar gjeldande for 2020).

For at me skal kunne fakturere deg rett beløp, er det viktig at du registrerer hytta eller fritidsbustaden inn i rett kategori.

Det gjer du via lenkja under.

Merk deg at dersom du er i kategori 2 - slepp du å registrere deg. Alle hytter blir i utgangspunktet registrert inn i kategori 2.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nytt år med Returkartonglotteriet

Neste
Neste

Ny gebyrmodell for renovasjon i 2020