Bli med på Returkartonglotteriet

Me vil oppfordre abonnentane våre til å vere med på returkartonglotteriet!

Foto: Grønt Punkt Norge AS

Foto: Grønt Punkt Norge AS

Grønt Punkt Norge arrangerer lotteriet og me syter for at våre abonnentar sine «lodd» vert med i trekninga. Dykkar lodd er ein kubbe med kartongar. Du er med i lotteriet ved å levere inn ein kubbe som du skriv namn og telefonnummer på, med minst seks drikkekartongar stappa inni. Legg kubben med kartongar laust i avfallsdunken saman med papp og papir, ikkje pakk den inn i pose.

Skyl, brett, stapp og putt i dunken med blått lokk så er du med i trekninga. Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000.

Lukke til! 

Forrige
Forrige

Nytt frå SIMAS: App og Mi side

Neste
Neste

Pass på so ikkje avfallet frys fast