Ny returkartonglotteri-vinnar frå Sogn

May Britt Eraker frå Undredal vart glad og overraska då ho vart oppringt frå SIMAS. - Eg har bretta og stappa i fleire år! 

Synleg bevis

Synleg bevis

Vinnaren hadde laga til ein kubbe med kartongar som ho hadde skrive namnet og telefonnummeret sitt på. Denne vart trekt ut på anlegget i Festingdalen i fyrste omgang, og so sendt inn til nasjonal trekking. Der vart hennar kubbe trekt ut igjen, og ho vart den heldige vinnaren av 10.000 kr. - Lettente peng! seier vinnaren.   

Grønt Punkt Norge arrangera lotteriet og me syter for at våre abonnentar sine «lodd» vert med i trekkinga. Dykkar lodd er ein kubbe med kartongar eller berre ein enkeltkartong. Du er med i lotteriet ved å levere inn ein kubbe som du skriv namn og telefonnummer på, med minst seks drikkekartongar stappa inni. Legg kartongen eller kubben med kartongar laust i avfallsdunken saman med papp og papir, ikkje pakk den inn i pose.

Skyl, brett, stapp og putt i dunken med blått lokk så er du med i trekninga. Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000. For å kunne vinna hovudpremien må du levere ein kubbe, enkeltkartongar er berre med i trekkinga av kr. 10.000.

Kanskje me får endå fleire heldige vinnarar i regionen vår! Skyl, brett og stapp i veg, Sogningar! :) Lukke til!

Forrige
Forrige

Forsøpling på returpunkt i Gudvangen

Neste
Neste

Kystlotteriet startar offisielt laurdag 16. september!