Kystlotteriet startar offisielt laurdag 16. september!

Saman med dei andre miljøverka i Sogn og Fjordane og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane startar me no opp ei permanent ordning for strandrydding i nesten heile Sogn og Fjordane. Det er mogelegheiter for å vinna flotte opplevingar og premiar.

Kystlotteriet vart starta av Naturvernforbundet i Østfold i fjor med Sten Helberg i spissen. - Det er eit motivasjonsprosjekt, som starta opp som ein pilot på strandryddedagen 2016 i Fredrikstad og Hvaler, fortel Helberg. Per dags dato er 18 kommunar med, frå Flekkefjord til Halden. Andre kommunar er på veg. Når 23 kommunar i Sogn og Fjordane no vert med, vert talet på kommunar dobla!

Førebels er det utlevering av sekkar og lodd på miljøstasjonen, i opningstida, i kvar av SIMAS-kommunane. Om de er ute i god tid og/eller det vert vanskeleg med uthenting av utstyr kan de ta kontakt med SIMAS (på tlf.: 57 65 70 51/e-post: linn@simas.no), so kan me sjå på andre løysingar for dette. Innan tysdag 12. september skal alle miljøstasjonar ha fått utlevert utstyr. Ta kontakt om de ynskjer å hente utstyr før den tid, so vil me sjekka opp om dykkar aktuelle miljøstasjon er klar for uthenting.

Offisiell start av Kystlotteriet i Sogn og Fjordane vert laurdag 16. september. Då held Hold Norge Rent ein nasjonal ryddedugnad «Hold Høsten Ren». Meld deg på ryddeaksjonen vår «Kystlotteriet» på ryddeportalen til Hold Norge Rent, so kan me følgje oppslutninga i kvar kommune.

Lotteriordninga fungera slik:

  1. Hent spesialsekk frå Kystlotteriet og lodd på ein miljøstasjon / ta kontakt med SIMAS for førespurnad om alternativ utlevering.

  2. Meld deg gjerne på ryddeaksjonen vår «Kystlotteriet» på portalen til Hold Norge Rent.

  3. Rydd langs vatn, bekk eller fjord (marint avfall). Ha avfall i sekken og fyll ut lodd.

  4. Lever dette på ein av miljøstasjonane. Ta kontakt med ein operatør som registrerer tal sekker, tek imot utfylt lodd (ta vare på kvitteringsdelen sjølv) og viser deg til container for levering av avfallet.

  5. Ha god samvit for at du har rydda naturen, og kryss fingra for at du i tillegg vert premiert for det :) 

Det vert både lokale, regionale og nasjonale trekkingar gjennom heile året. Sjå Kystlotteriet si heimeside for meir informasjon.

Få med deg kjende på å rydde langs fjord og vatn, hent utstyr på miljøstasjonen eller ta kontakt med SIMAS (57 65 70 51/linn@simas.no) og meld deg gjerne på her. Del informasjonen med dine vener og hjelpe oss å spreie det glade bodskap!

 

Forrige
Forrige

Ny returkartonglotteri-vinnar frå Sogn

Neste
Neste

- Me har pussa opp i 7 år, og lært det meste undervegs