- Me har pussa opp i 7 år, og lært det meste undervegs

Nå gler Linda seg til å sjå den nye norske komedien, Norske Byggeklosser.

Linda Sognnes vann to billettar til den nye komedien "Norske Byggeklosser" i Simas sin Facebook-konkurranse på valentinesdagen.

Norske Byggeklosser handlar om korleis du kan unngå kaos når du pussar opp. Filmen er ein del av ein større nasjonal kampanje, med fokus på sortering av oppussingsavfall. Dette er midt i blinken for Linda, som pussar opp eit hus frå 80-talet.

– Det er tidkrevjande å pusse opp, og me er sjølvlærd. Men det er moro. Og slik er det jo når ein har tre ungar og bur der medan ein pussar opp, fortel Sognnes.

Sjølv opplever ho at dei får god hjelp på gjenvinningsstasjonen når dei køyrar avfall frå oppussinga.

– Men eg har mykje meir å lære, så kanskje denne filmen kan gi meg nokre lure tips.

Har du òg lyst å sjå filmen? Den har premiere 21. februar. Vil du lære meir om oppussing og boss? Følg oss på Facebook.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kystlotteriet startar offisielt laurdag 16. september!

Neste
Neste

Vellukka kompostering av nedbrytbart servise og ølglas