Sogndal skulemusikk vann i Returkartonglotteriet

Nina Davidsen Fimreite skreiv Sogndal skulemusikk på kubben med drikkekartongar som ho kasta i avfallsbehaldaren sin for papp og papir. 

Og jammen vann ho 10.000 kroner! Det var ei glad og overraska dame som fekk telefon frå SIMAS. 

Nye instrument står høgt på ønskelista, seier Nina. Dei er ein liten gjeng med flinke blåsara, som terper skikkeleg då informasjonsmedarbeidar på SIMAS besøkjer dei på øving. Godt humør og fine harmoniar fyller storesalen på Kulturhuset. Dei er 6 jenter på øving denne kvelden, men er som regel 3 gutar til. Medlemmane er mellom 12 og 18 år.

Styreleiar i skulemusikken, Nina D. Fimreite, kan fortelje at det berre for nokre år sidan var over 30 medlemmar, no er dei 9. Det er litt trist, tenk ein 17. mai utan skulemusikken. Dei håpar på fleire medlemmar, og alle er hjarteleg velkomne!

Bak frå venstre: dirigent Ragnhild, styreleiar Nina, Jorunn, Gunvor, Lea. Framme frå venstre: Inga, Anna Sunneva og Åshild. Ikkje tilstades på denne øvinga: Vetle, Gaute og Yngve.

Bak frå venstre: dirigent Ragnhild, styreleiar Nina, Jorunn, Gunvor, Lea. Framme frå venstre: Inga, Anna Sunneva og Åshild. Ikkje tilstades på denne øvinga: Vetle, Gaute og Yngve.

SIMAS gratulera so masse som lotterivinnar og oppmodar fleire til å levere "lodd" :) 


Fakta om Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersoner eller organisasjonar, skuler, barnehagar, idrettslag etc.

  • Kvart år delast det ut premiar for til saman 1,6 millionær kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10.000 og 4 premiar à kr. 100.000. 

  • Seks tomme og skylde drikkekartongar brettast ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein ”kubbe”. Korkar og lokk kan godt henga utanfor. For skulemjølk-kartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte. 

  • Nytt i 2017 er at du kan levera kun ein kartong som eit lodd. Skyll kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer på. Då kan du vinne kr. 10.000. For å vere med i trekninga om 100.000 må ein levere 7 kartongar som ein kubbe.

  • Deltakar skriver namn og telefonnummer på den de vil skal vinne på kartongen eller ”kubben” og leverer denne i den kommunale innsamlingsordninga. Då har du eit lodd.

  • Kubbar vert trekt på 84 forskjellige trekkestedar, spreidd over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Disse kubbane går vidare til nasjonal trekning.

  • Legg kartongen eller kubben laust i behaldaren for papp/papir.

Forrige
Forrige

Utskriftsfeil ved fakturering

Neste
Neste

Ope informasjonsmøte om prosjektet på Håbakken