Kjellbjørg er ny vinnar i Returkartonglotteriet

Kjellbjørg Smedegård frå Hafslo har vunne 10.000 kroner.

Kjellbjørg Smedegård frå Hafslo.

Kjellbjørg Smedegård frå Hafslo.

- Eg vart så glad! fortel Smedegård.

Ho har bretta kartongar i rundt 15 år, og har til og med vunne ein liten pengesum frå Returkartonglotteriet før. Men ikkje 10.000 kroner som no. Og dei kjem godt med.

– Eg håpar det gjev inspirasjon og at fleire blir betre på å resirkulere boset. Vi må rett og slett bli flinkare å halde boset vekke frå naturen, påpeikar ho.

Korleis blir ein med i trekninga?

Grønt Punkt Norge arrangerer lotteriet, og me i SIMAS syter for at abonnentane sine lodd vert med i trekninga. Dykkar lodd er ein kubbe med kartongar eller berre ein enkeltkartong.

Du er med i lotteriet ved å levere inn ein kubbe som du skriv namn og telefonnummer på, med minst seks drikkekartongar stappa inni. Legg kartongen eller kubben med kartongar laust i avfallsdunken saman med papp og papir, ikkje pakk den inn i pose.

Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000. For å kunne vinna hovudpremien må du levere ein kubbe, enkeltkartongar er berre med i trekkinga av kr. 10.000.

Kanskje me får endå fleire heldige vinnarar i regionen vår! Skyl, brett og stapp i veg, Sogningar!

Lukke til!


Fakta om Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionær kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10.000 og 4 premiar à kr. 100.000.

  • Seks tomme og skylde drikkekartongar brettast ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein ”kubbe”. Korkar og lokk kan godt henga utanfor. For skulemjølk-kartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte. Du kan òg levere enkle kartongar, men då kan du ikkje vinne hovudpremien på 100.000,-.

  • Deltakar skriv namn og telefonnummer på den de vil skal vinne på ”kubben” og leverer denne i den kommunale innsamlingsordninga. Då har du eit lodd.

  • Kubbar vert trekt på 84 forskjellige trekkjestadar, spreidd over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggjartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Desse kubbane går vidare til nasjonal trekning.


Tidligare vinnarar frå Sogn:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Miljøstasjonen i Luster er ope kvar mandag i sommar

Neste
Neste

Me er på Lustramarknaden laurdag 9. juni