Eldar og Vemund frå Vik har vunne 10.000 kroner

Brørne på 13 og 9 år jubla då dei høyrde om gevinsten i Returkartonglotteriet.

– Dei vart veldig glad. Det var vel ingen av oss som trudde me skulle vinne, fortel mamma Ellen Terese Harbakk.

Familien har «alltid» bretta kartongar, men det var fyrst for eit års tid sidan at dei byrja å skrive namn på - og det lønte seg. Denne gongen vart det Eldar sitt namn som sto på kartongen, men brørne vart einige om at dei skulle dele gevinsten.

No må dei tenkje seg godt om, for ønskjelista er lang. Men litt godteri blir det nok og kanskje ein ny TV.

– Dei har i alle fall vorte enda meir ivrige på å brette kartongar no. Og det smittar over på kompisane. Så no har eg oppmuntra dei til å ta det med på skulen og begynna der. Det er ufattelege mengder med kartongar det er snakk om. Så det er bra dei har fokus på å resirkulera, fortel Harbakk.


Korleis blir ein med i trekninga?

Grønt Punkt Norge arrangerer lotteriet og me i SIMAS syter for at abonnentane sine lodd vert med i trekninga. Dykkar lodd er ein kubbe med kartongar eller berre ein enkeltkartong.

Du er med i lotteriet ved å levere inn ein kubbe som du skriv namn og telefonnummer på, med minst seks drikkekartongar stappa inni. Legg kartongen eller kubben med kartongar laust i avfallsdunken saman med papp og papir, ikkje pakk den inn i pose.

Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000. For å kunne vinna hovudpremien må du levere ein kubbe, enkeltkartongar er berre med i trekkinga av kr. 10.000.

Kanskje me får endå fleire heldige vinnarar i regionen vår!

Skyl, brett og stapp i veg, Sogningar!

Lukke til!

 

Vinnarar frå Sogn:


Fakta om Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta: Personar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionær kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10.000 og 4 premiar à kr. 100.000. 

  • Seks tomme og skylde drikkekartongar brettast ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein ”kubbe”. Korkar og lokk kan godt henga utanfor. For skulemjølk-kartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte. Du kan òg levere enkle kartongar, men då kan du ikkje vinne hovudpremien på 100.000,-.

  • Skriv namn og nummer på ”kubben” og legg i papirboet. den kommunale innsamlingsordninga. Då har du eit lodd.

  • Kubbar vert trekt på 84 forskjellige trekkjestadar, spreidd over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggjartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Desse kubbane går vidare til nasjonal trekning.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hugsar du å kasta bleier i restavfallet?

Neste
Neste

Nytt blanke bossekkar til restavfall