Nytt blanke bossekkar til restavfall

Skal du kasta restavfall på miljøstasjonane, må du droppa dei svarte bossekkane.

Simas IKS driftar totalt åtte miljøstasjonar og tek i mot bos frå store delar av Sogn. Me ser at mykje av boset kunne vore betre sortert på førehand.

– Testar me har gjennomført viser at 75 prosent av alt restavfall som kjem inn til oss, ikkje er restavfall. Det er avfall som kunne vore gjenvunne. Altså er det berre 25 prosent av restavfallet som faktisk er restavfall, fortel Kenneth Teigen, fagansvarleg for miljøstasjonane.

Betre med blanke sekkar

Me ønskjer at alle skal bli betre på sortering og resirkulering, då me ønskjer ressursar på rett veg. Difor innførar me bruk av blanke bossekkar til restavfall. Då kan me lettare sjå kva som ligg i posen. Om noko er sortert feil, kan me sortera det riktig.

– Kjem du med svarte bossekkar, må du opne sekken og sortera innhaldet slik at det vert riktig. Me gir deg gjerne råd om kva som kan leverast til gjenvinning og kva som skal i restavfall, fortel Teigen.

Strengare krav

Innan 2020 har me krav om ei materialgjenvinning på 50 prosent av alt hushaldsavfall i Noreg. For å nå disse måla, krevjast ein felles innsats frå både privat hushald, bedrifter, renovasjonsselskap og myndigheiter. Difor ser me stadig etter måtar å forbetre oss på og hjelpe våre abonnentar å bli betre på avfallshandtering.

– Krav til blanke sekkar er eit tiltak som allereie er innført mange stadar i landet, og ser ut til å fungera bra. Nå står Simas-kommunane for tur, fortel Teigen.

PS! Blanke sekkar er tilgjengeleg på miljøstasjonane våre og i utvalde butikkar.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Eldar og Vemund frå Vik har vunne 10.000 kroner

Neste
Neste

Treng du større behaldar?