SIMAS-direktøren ønskjer hjelp frå alle i Sogn

SIMAS-direktøren har starta å planleggje innkjøpa betre. – Eg har alltid vore impulsiv når eg handlar. Det er det slutt på.

SIMAS-direktøren har starta å planleggje innkjøpa betre. – Eg har alltid vore impulsiv når eg handlar. Det er det slutt på.

Resultata frå plukkanalysen sjokkerte Hallvard Thomassen. No har både han og SIMAS teke grep - og ønskjer at du òg blir ein matreddar.

– 50 prosent av all maten me kastar i Sogn kunne vore ete. Tenk det! Halvparten av all maten me får inn til SIMAS er etbar. Det er svære tal, fortel Hallvard Thomassen, direktør i SIMAS.

I haust gjennomførte SIMAS ein plukkanalyse, der avfall frå privat hushald (henta med renovasjonsbilen) vart opna, analysert og sortert. Saman med Multiconsult jobba me kvar dag i ei veke med å analysere avfallet, for å få betre kontroll på kva som kjem inn til oss.

Og tala overraska. Totalt sett er sogningane flinkare til å kjeldesortere. I 2014 kunne 75 prosent av restavfallet vore kjeldesortert. Desse tala er no nede i 50 prosent. Det som er sjokkerande, er at 30 prosent av restavfallet er mat. Og totalt er halvparten av all maten som kjem inn (både i restavfall og våtorganisk avfall) etbar. Altså skulle 50 prosent av alt matavfall aldri vore kasta.

– Eg vart sjokkert. Tenk at så mykje mat blir kasta i restavfallet og at så mykje av maten me kastar er etbar. Heime hjå oss har me diskutert matsvinn sidan eg starta i SIMAS. Eg har tenkt at matsvinn var eit byfenomen og ikkje noko me i distriktet har problem med. Der tok eg feil, fortel Thomassen.

 Det tredje er at eg har vorte meir bevisst på kor maten kjem frå. Eg ønskjer å vise respekt for alt arbeidet som ligg bak maten me har på bordet. Då skal det sitte langt inne å berre kaste maten, eg skal eta han opp.
— Thomassen.

Har teke grep heime

Thomassen ser at SIMAS må gjere noko. Og han har starta med seg sjølv. Direktøren har spurt «Kva kan eg bidra med? Kva er utfordringa heime hjå oss?». Han har funne særleg tre ting: 

SIMAS-direktøren har tatt grep for å redusere matsvinn heime.

SIMAS-direktøren har tatt grep for å redusere matsvinn heime.

– Det fyrste er innkjøp. Når eg handlar er eg impulsiv, medan kona mi Solveig er flinkare til å halde seg til planen. Eg får nye middagsidear medan eg går i butikken. Difor har me funne ut at ho må stå for det meste av matinnkjøp. Skal eg vere med, får eg ikkje vere impulsiv og ikkje starte med forhandlingar. Me må halde oss til handlelista!

I tillegg til meir planlagde innkjøp, har Hallvard og kona fått gode rutinar på å nytte det som er i kjøleskapet.

 – I dag blir det omelett til middag, då eit av egga våre har knust litt. Så har me litt lauk og ost liggjande og sikkert noko anna som kan vere med i omeletten. Så me er mykje flinkare til å bruke restar. Det er ikkje ein ingrediens ein ikkje kan finne eit bruksområde til.

 – Det tredje er at eg har vorte meir bevisst på kor maten kjem frå. Eg ønskjer å vise respekt for alt arbeidet som ligg bak maten me har på bordet. Då skal det sitte langt inne å berre kaste maten, eg skal eta han opp.

Vil ned 10 prosent i år

No ønskjer SIMAS å inspirere heile Sogn til å bli med. Difor er me i gang med kampanjen «Bli ein matreddar».  

­– Me ønskjer å sette fokus på matsvinn ved å inspirere. Me ønskjer å få med sogningane til å dele tips og rutinar som gjer det lettare å nytte meir av mate og kaste mindre, fortel Thomassen.

SIMAS ønskjer å få ned andelen matavfall i restavfallet med 10 prosent i 2021.

– Dette er hårete, det er snakk om mykje vekt. Men ein kjem ikkje til månen om ein trur ein skal halvvegs. Me må ha høge ambisjonar om det skal monne i den store samanhengen. Eg håpar verkeleg folk blir med oss på dette.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Banksjefen: – Det er mykje å spare på å vere ein matreddar