Ivar Kvalen: - Bruk datodisken

Ivar Kvalen på spar hafslo.jpg

Ordføraren i Luster har ei klar oppmoding: Kjøp mat med kort haldbarheitsdato. Då hjelper me butikkane å kaste mindre mat, og du får billegare middager.

Kvalen let seg avbilde i lokalbutikken, Spar på Hafslo. Her handlar han mykje av det familien på fem et i kvardagen. Med tre tenåringar i heimen, går det ein del mat, men Kvalen fortel at  dei ikkje hiv så mykje mat.

– Det er klart vi kan bli betre, men vi er ganske flinke til å ete opp maten vår. Eg har alltid vore oppteken av å ikkje kaste for mykje mat, haldningar eg håpar vi har vidareført til ungane våre, fortel Ivar Kvalen.

– Ein må jo ikkje alltid ha favorittmaten, det går an å velje mat ein burde ete for å kaste mindre mat, legg ordføraren til.

Avslappa forhold til haldbarheitsdato

Besteforeldra til Kvalen dreiv butikk i 54 år, I.Kvalen daglegvarer, så ordføraren fortel at han og familien er godt vand med å ete varar som er utgått på dato.

– Eg har aldri opplevd noko stigma ved det. Det er nok nokon som er skeptiske til å bli sett ved datodisken, men eg trur ikkje det er så mange. Og eg trur dei haldningane er i ferd med å endra seg. Eg håpar i alle fall at alle ser verdien i å handle denne maten, både for å hjelpe butikkane å kaste mindre og for å få billigare mat, fortel han.

– Det er jo et paradoks at me klagar på at maten i Noreg er så dyr, og så viser det seg at vi kastar så mykje mat som kunne vore ete. Det er heilt vanvitig.

Kvalen undrar seg til dømes kvifor folk legg igjen både ein og to skalkar når dei nyttar brødskjeremaskina i butikken.

– Det står stadig ein full bøtte med skalkar. Ein kan da ete skalken òg?

Populær datodisk på Hafslo

Geir Sterri, butikksjefen på Spar Hafslo, fortel at datodisken deira er veldig populær, og det har den vore i mange år. Dei har eit fast opplegg, der dei fyljer på datodisken kvar måndag og torsdag.

– Måndag legg me ut varar som går ut på dato dei neste tre dagane, og torsdag legg me ut varar som går ut på dato dei neste tre dagane deretter. Slik gjer me kvar veke, fyllar på datovarar måndag og torsdag. Dette veit folk, så dei kjem dei dagane for å finne gode tilbod, fortel Sterri.

Butikksjefen er nøgd med at mange nyttar seg av dette. Det betyr at dei har lågt matsvinn.

– No har me fått på plass matsvinnappen «Throw no more», der kundane kan sjå kva varar som er i datodisken til ein kvar tid. Eg trur dette hjelper å redusere matsvinn heime hos folk også, då det set fokus på å ete opp maten før han blir dårleg.

Ivar Kvalen er ikkje kvien for å ete mat som har kort holdbarheitsdato eller allereie er forbi haldbarheitsdato.

Ivar Kvalen er ikkje kvien for å ete mat som har kort holdbarheitsdato eller allereie er forbi haldbarheitsdato.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Her sjekkar studentane kva med-studentane kastar

Neste
Neste

Banksjefen: – Det er mykje å spare på å vere ein matreddar