Sigrid Henjum: - Alt smakar betre ute!
Sigrid let det ikkje herske nokon tvil: restemat og turmat er to sider av same sak.
Poteter til overs etter middag? Eller kva med den vesle slanten kjøtdeig, som ligg att på kanten av fatet? Friluftskvinna, kajakkinstruktøren og sjukepleiaren frå Sogndal veit råd.
- På tur ønskjer ein gjerne at maten skal vere enkel, og ingenting i verda er vel enklare enn å ta med seg restematen ut?, fortel Henjum engasjert.
Enten du pakkar primusen eller ønskjer å nyte måltidet kaldt, er alternativa mange.
- Å varme restemat på steikepanna, gjerne ispedd egg eller dandert med eit lag ost, er ein sikker vinnar. Restar av gryterett, potetstappe eller halvgamle skiver med ost på fungerer ypparleg på panna.
Gode råd for gamle brød
For tørre skalkar og brødskiver treng ikkje ende sine dagar i den brune dunken.
- Gamalt brød kan til dømes få nytt liv som arme riddarar. Enten ved at ein tilset salt, peppar og godt med ost, eller som ein søt variant, dynka i mjølk eller fløyte, med egg, sukker og kanel. Sistnemnte blir mest som dessert eller kaffimat, forklarer Henjum.
Og kven har ikkje hatt ei kokt potet eller to til overs etter middag?
- Kalde poteter med spekeflest til er ein av dei eldste turmatvariantane, som også fungerer fint til piknik om sommaren. Er det kjølig ute? Varm det opp, eller finhakk og spe på med egg, skinke og karbonadebitar for ein nydeleg pytt i panne
- Kva type restar tykkjer du sjølv at det er mest vrient å «få ende på»?
- Det må vere når det ligg att ein pitteliten rest etter middagen. Ein brøkdels porsjon, som nesten verkar meiningslaus å ta vare på. Trikset er då å koke ris eller pasta og blande restane i, gjerne saman med litt tomatpuré. Å steike restar i lefse er også topp.
Anti-datoskrekk
Det er ikkje berre restemat som får nytt liv på fatet til Henjum.
“Sjølv lid eg av anti-datoskrekk og har alltid lyst til å kjøpe alt som har gått ut på dato. Eg tykkjer det er ei glede å redde gamal mat frå å bli kasta - det går nærast sport i det. Så må det også seiast at eg aldri har blitt dårleg av å ete utgått mat.”
Når utløpsdatoen har passert dreg ho gjerne fram vaffeljarnet.
- Ein hiv ikkje mjølka sjølv om den har fått klumpar, seier Henjum bestemt.
- Då blandar ein den berre i vaffelrøra. Her kan ein også mose inn brune bananer, kalde poteter eller restar av skinke for ein salt variant.
At så mykje som halvparten av maten me kastar i Sogn, kunne vore eten, trur ho handlar mykje om latskap.
- Me giddar rett og slett ikkje - også har me for god råd. Mat skulle ha vore dyrare, så den blei høgare prissett. Dessutan trur eg det trengs litt oppdraging for å dempe datoskrekken. Lukt og smak deg heller fram - og når det kjem til egg; sjå for all del ikkje på datomerkinga. Knekk det heller i eit glas og lukt, luktar det godt er det heilt fint å ete, avsluttar Henjum.