Slik organiserer Joar familiens kjøleskap

- Dei gongene eg endar opp med å kaste mat, er det fordi eg rett og slett har slurva. 

Som kokk, jeger og fiskar veit Joar Søhoel godt kva han snakkar om når det kjem til foredling og lagring av mat. 

- Skal ein drive med viltmat er det naudsynt å vere god på å merke frysevarer, for å ha kontroll på haldbarheita. Viltkjøt er magert og held seg lenge, medan feit fisk fortare blir harsk. Eg pleier å vakuumere kjøt og fisk for å auke haldbarheita, då unngår ein i tillegg å påføre maten fryseskader, forklarer Søhoel. 

- Tenk porsjonar

Småbarnsfaren frå Hafslo har eit par triks i ermet, for å hindre matsvinn på heimebane.

- Me har blitt flinke til å fryse meir familievenlege porsjonar, som er lette å ta opp og bruke i kvardagen. Den store hjortesteika som ligg i frysen og ventar på eit stort nok selskap, blir gjerne liggande i frysen i fleire år. Fleire endar difor ofte opp med å kaste flott viltkjøt.

Lagring viktigare enn dato 

Når det kjem til mat som blir hausta via handlekorga på nærbutikken, nemner Søhoel temperatur og lagring som viktige stikkord.

- Mange er veldig opptekne av datomerkinga, men slik eg ser det kjem det meir an på kva temperatur matvara har hatt under lagring. Ta til dømes eige kjøleskap; det er stor skiland på kjølinga nede og den svalare temperaturen oppe. Set difor varene som held seg dårlegast, som kjøt, fisk og meieriprodukt, nedst, og bruk gjerne fleire temperaturmålarar for å halde kontroll på gradene i kjøleskapet.

I større hushaldningar kan det vere naudsynt å ha kontroll på kva som er opna når.

- I ein familie der fleire forsyner seg frå kjøleskapet kan det vere lurt å lagre opna og uopna varer kvar for seg. Me har til dømes ein boks der det uopna pålegget står litt lenger bak i kjøleskapet. Er forseglinga først broten mistar vara haldbarheit veldig fort, så det er dumt om ein opnar fem mjølkekartongar samstundes, forklarer Søhoel.

Søhoel trur også fleire kan bli meir bevisste rundt korleis dei dekkjer opp frukostbordet.

-  Det er sjølvsagt veldig sosialt å dekkje bordet med eit raust utval pålegg, men det kan også føre til meir matsvinn. Meieriprodukt og pålegg som ofte blir ståande utanfor kjøleskapet tapar seg fort, og fører til at ein kastar meir. Sjølv tek eg berre ut pålegget eg skal bruke, smører skivene eg skal ete, og set det rett attende i kjøleskapet. 

Stol på eigen luktesans

Når maten nærmar seg utløpsdato oppmodar Søhoel om å ta eigen luktesans i bruk.

- Så lenge det ikkje er mugg eller vond lukt, har ikkje utløpsdatoen noko å seie. Det er berre produsenten sin måte å garantere at produkta held seg fram til ein gitt dato. Ofte held vara seg langt meir enn dette – gitt at du har oppbevart den bra.

Joar sine beste tips for å hindre matsvinn i heimen:

  • Planlegg innkjøpa: Lat ikkje skinkepakken ligge i bilen medan du gjer fleire ærend, men prioriter å ta mathandelen til slutt. Ved å raskt få matvarene heim og til lagring på riktig temperatur, hindrar du at kvaliteten blir forringa og haldbarheita tapar seg.

  • Ikkje hamstre matvarer med kort haldbarheit: Til dømes har svinekjøt kort haldbarheit, medan speka kjøt og tubepålegg held seg betre. 

  • Kast ikkje mat berre med utgangspunkt i datomerkinga, men bruk luktesansen til å avgjere om maten framleis er god.

  • Vask alltid hender før du tek i maten. Skitne nevar bidreg også til at maten surnar fortare.

  • Avkjøl hurtig og set aldri varm mat rett inn i kjøleskapet. Fordel maten i fleire kjelar og set den til hurtig til nedkjøling i kaldt vatn eller ved å bruke kjøleelement.

  • Kjøling til fjells: Frys gjerne maten du skal ete på tur og bruk den som kjøleelement i sekken. Sjølv tek eg gjerne med ei frosen pakke karbonadar og nyttar den til å halde pålegget kaldt. 

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Katherines banankake slår ikkje feil - slik hindrar ho og medelevane matsvinn

Neste
Neste

Sigrid Henjum: - Alt smakar betre ute!