Kva gjer du med overmodne tomatar?
Er du mellom dei mange som i år har dyrka frukt eller grønsaker sjølv?
Enten du er rutinert hobbygartnar, eller for første gang har testa dyrking i eige drivhus eller pallekasse, har du kanskje ei avling som no ventar på å nytast.
Men kva gjer du om avlinga er større enn kvardagsforbruket? Me har nokre tips til deg!
Ifølgje Matvett.no et vi nordmenn meir enn 30 000 tonn tomatar i året, to tredjedelar av desse importerer me frå utlandet.
Slik oppbevarer du dei best
Tomater skal oppevarast i romtemperatur og når dei er modne må dei gjerne nytast fortløpande.
Framleis grøn?
Har du tomter som framleis heng på busk, samstundes som gradene synk og haustveret inntreff? Med ein temperatur på under 8 grader vil modningsprosessen stogge og tomatane miste smak.
Tomatane du kjøper i butikk har ofte blitt hausta før dei er modne, då mykje av modninga skjer under transport. Du kan derfor med fordel også hauste eigne tomter sjølv om raudfargen ikkje er heilt på plass.
Legg dei i ei fin skål vindaugskarmen og lat dei modnast over nokre dagar - så kan du nyte den særeigne, heimedyrka smaken neste gong du er småsvolten.
Rynkete og vassen?
Så lenge det ikkje har danna seg mugg, har tomatane framleis potensiale!
Sprukne, rynkete og innskrumpa tomter gjer seg ypparleg i sausar eller gryter - eller kva med aromatiske tomtar som topping på laurdagspizzaen?
Meir enn tomat enn du klarar å ete?
Kva med å lage ein pizzasaus eller tomatsuppe basert på eigen avling? Her kan store mengder tomat kokast ned for ein rein og konsentrert tomatsmak. Får du meir enn du klarer å ete, er det ikkje noko i vegen for fryse ned og nyte utover hausten og vinteren.
Alternativt kan det å tørke tomatene vere ein fin måte å framheve smaken på, samstundes som ein forlenger haldbarheita.