Her sjekkar studentane kva med-studentane kastar

Birte Tunge Sterri. FOTO: SIMAS

Birte Tunge Sterri. FOTO: SIMAS

Oda Emilie Solbakken Rosvoll. FOTO: SIMAS

Oda Emilie Solbakken Rosvoll. FOTO: SIMAS

– Me er overraska over kor mykje etbar mat studentane i Sogndal kastar.

Bachelorstudentar frå fornybar energi ved Høgskulen på Vestlandet har vore på sorteringsanlegget vårt for å sjå restavfallet til studentheimane i Sogndal. Dei gjennomførte ein såkalla plukkanalyse, der dei opnar restavfallet me har henta inn og ser kva som er sortert feil og kva som er sortert rett.

– Me er overraska over er kor mykje etbar mat som er kasta. Me hadde trudd at studentar åt opp maten sin for å vera meir økonomiske, seier Birte Tunge Sterri til Sogn Avis.

Dei fem studentane Elise Kirkebøen, Kaja Stamer Ekerholt, Sondre Thorsen Siglevik, Birte Tunge Sterri og Oda Emilie Solbakken Rosvoll skriv bacheloroppgåve der dei samanliknar ulike kosthald: Folkehelseinstituttet sitt anbefalte kosthald, vanleg studentkosthald, vegetarkosthald og fattig-studentkosthald. Dei finn ut kor mykje dei ulike kosthalda påverkar miljøet, kor mykje avfall dei produserer, kva som skjer med avfallet og om det blir kjeldesortert rett.

Av 420 kilo restavfall frå studentheimane på Stedje og Elvatunet, tok studentane stikkprøver av rundt 200 kilo. Her fann dei at rundt 70 prosent av restavfallet var feilsortert. Berre 39 prosent var faktisk restavfall, medan 22 prosent av det som låg i restavfallet var etbar mat.

– Me er sjokkert over dei store mengdene etbar mat som gjekk i søppelet. Spesielt med tanke på studentane sin økonomi, seier Siglevik.

Kaja har difor ei oppmoding til alle studentar:

– Kjøp berre det du treng. Ver flink å frysa ned mat og lag restemat. Me har sett at det er mykje matrestar som er i søppelet.

Les meir i Sogn Avis.

Elise Kirkebøen, Kaja Stamer Ekerholt, Sondre Thorsen Siglevik, Birte Tunge Sterri og Oda Emilie Solbakken Rosvoll gjenomførte ein plukkanalyse hjå oss 5. mai. FOTO: SIMAS

Elise Kirkebøen, Kaja Stamer Ekerholt, Sondre Thorsen Siglevik, Birte Tunge Sterri og Oda Emilie Solbakken Rosvoll gjenomførte ein plukkanalyse hjå oss 5. mai. FOTO: SIMAS

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kva gjer du med overmodne tomatar?

Neste
Neste

Ivar Kvalen: - Bruk datodisken