Banksjefen: – Det er mykje å spare på å vere ein matreddar

Jan+Petter+Vadheim.jpg

Jan Petter Vadheim trur ein kan spare 20-30.000 kroner kvart år på planlegge matinnkjøpa betre.

– Eg snakka med sonen min om kva familien deira brukte kvar månad på mat. Dei vart litt overraska over summen og fann ut at dei ville planlegge innkjøpa betre. Dei starta å handle ein gong i veka, med litt supplering undervegs, og dei reduserte matutgiftene med fleire tusen kroner, fortel Jan Petter Vadheim i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Han er banksjef for bedriftsmarknaden i Indre Sogn, og er oppteken av tal og budsjett – også for privat hushald.

– Eg har konkludert med at det viktigaste er å planlegge matinnkjøpa. Har ein oversikt over kva ein har i kjøpeskap og frys, kan ein spare ein del matutgifter kvar månad.

Tenk økonomisk – kast mindre mat

I følgje SIFO sitt referansebudsjett for forbruksutgifter i 2020 brukar ein familie på fire over 11.000 kroner på mat og drikke kvar månad. Det utgjer over 130.000 kroner i året.

– Dette er tall me budsjetterer med i banken. Referansebudsjettet er regna for å vere eit forbruk som kan bli godteke av folk flest. Så eg trur disse talla er noko alle vil kjenne seg igjen i.

– Det ein derimot kan undre seg over, er at ca. kvar fjerde berepose med mat vert kasta. Og at halvparten av all mat som vert kasta i Sogn er etbar og ikkje burde vore kasta, fortel Vadheim.

Han trur ein kan spare mellom 20-30.000 kroner på å vere meir bevisst på å planlegge innkjøp og halde oversikt over kva ein har i kjøleskapet. Er ein meir økonomisk, vil ein òg fort kaste mindre mat.  

– Når ein står i butikken og velje kva ein skal ha til middag, så hugsar ein gjerne ikkje kva som er i kjøleskapet heime. Og for å unngå å måtte ned igjen i butikken, så tar ein med alle ingrediensar for å vere sikker. Så då ender ein opp med for mykje mat og må fort kasta.  

Bytte ut fryseboks

I tillegg til å planlegge innkjøpa, har Vadheim bytt ut fryseboksen med eit fryseskap, og har fått betre oversikt over kva som er i frysen.

– Det som ligg i botn av ein fryseboks har ein tendens til å bli liggande, men i fryseskapet har eg god oversikt. Feit fisk skal til dømes ikkje ligge for lenge i frysaren, så da gjeld det å ha oversikt, fortel Vadheim, og legg til:

– Me er kanskje ikkje dei flinkaste matreddarane heime hjå oss, men eg trur at den planlegginga me gjer med matinnkjøp og det at me prøver å halde oversikt over kva me har i kjøleskapet, reduserer matsvinn og gir oss lågare matutgiftar.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ivar Kvalen: - Bruk datodisken

Neste
Neste

SIMAS-direktøren ønskjer hjelp frå alle i Sogn