Endeleg! Filmen om Aluna Aluminium er klar

Heilt sidan konkurransen før jul, har 6. klassingane i Sogn venta spent på resultatet.

Karakteren Aluna Aluminium er basert på vinnarteikninga frå Elias i 6. klasse på Leikanger barneskule. Teikninga blei digitalisert, og no er endeleg heile filmen klar.

Aluminium kan smeltast om og brukast i det uendelege. Den splitter nye animasjonsfilmen viser reisa til det fantastiske råstoffet - frå smelteverk til butikk, frå kjøleskap til gjenvinningsstasjon og til slutt som nytt produkt. Målet er å auke kunnskapen blant sogningane om fordelane ved å kjeldesortere aluminiumsprodukt.

Filmen er laga med midlar frå kommunikasjonsfondet til Norsk metallgjenvinning og Sirkel AS, takk for støtten!

Sjå filmen her:


Vite meir om prosjektet? Tidlegare saker:

Vinnarteikninga er blitt digitalisert

Aluna Aluminium er no blitt digitalisert, basert på tekninga frå ein kreativ elev i Sogn. Karakteren skal spele hovudrolla i eit nytt videoprosjekt.

Sjå alle bidraga i teiknekonkurransen

Elevane har teikna Aluna Aluminium til det neste filmprosjektet vårt. Ser du eit bidrag du kjenner?

Gratulerer til vinnaren av teikne-konkurransen!

Heile 6. trinn i Sogn har fått vere med, men no er endeleg vinnaren kåra. Sjå teikninga her.

Teiknekonkurranse for 6. klassingar i Sogn

SIMAS utfordrar elevar i heile Sogn til å teikne figuren Aluna Aluminium.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Endeleg er alle søknadsskjema digitale!

Neste
Neste

Nesten tomt for kompost - no skal det spire i Sogn!