Nesten tomt for kompost - no skal det spire i Sogn!
Mange har henta gratis kompost hjå SIMAS under vårkampanjen. No vil me gjerne sjå korleis du nyttar komposten!
Etter kampanjen med gratis kompost i april og mai, har SIMAS delt ut om lag 1700 m² med kompost. Det betyr at me nesten er tomme for kompost til matjord på avfallsstasjonane våre.
– Det er veldig kjekt å sjå, seier Emil Bøen, ansvarleg for kompost hjå SIMAS.
– Me er glade for at kompostjorda som er laga av det våtorganiske avfallet kjem tilbake til jorda, der den høyrer til. Og så lager me jo heile tida ny kompost av avfallet me får inn, så det vil bli fleire moglegheiter til hausten.
Spirer og gror allereie
Den siste tida har det dukka opp SIMASkompost både i private hagar og på offentlege anlegg rundt om. I Sogndal er komposten nytta i blomsterbed, grøntareal og rundkøyring i Gravensteinsgata, så her skal det bli grønt og fint til sommaren.
I tillegg har me donert om lag 60 m² med kompostjord til gressplenen på den nye leikeplassen i Sogndalsfjøra.
Me vil gjerne sjå korleis du nyttar komposten!
Har du henta kompost hjå SIMAS? Då vil me gjerne sjå kva du nyttar den til. Det kan vere i hagen, til grasplen, i blomsterbed eller kjøkenhagen. Kva gror hjå deg?
Me tek imot alle erfaringar. Kva funka bra og mindre bra? Send gjerne inn bilde og kort tekst på e-post til jorn@simas.no.
Slik kan me lære meir om kva abonnentane våre treng og ønskjer, og kan tilpasse komposttilbodet vårt deretter. Me gler oss til å sjå alt som spirer og gror!