Sogndal sin nye leikeplass blei grøn og fin med SIMASkompost
SIMAS har donert 60 m² kompostjord for å gjere sentrumsparken enno trivelegare for ungane.
Den nye leikeplassen i sentrumsparken opna i starten av mai, og blei godt teken imot av innbyggjarane. Lekeplassen er blitt oppgradert med nye apparat, etter iherdig innsats frå frivillige, kommunen og lokalt næringsliv.
Prikken over i-en var å gjere området litt trivlegare med ny grasplen, og då var me ikkje vanskelege å be. Det blei lagt ut SIMASkompost på om lag 60 m², før den nye plenen kom på plass. Komposten gir gode vekstforhold for graset, og så er det ekstra kjekt at matavfallet frå sogningane kan nyttast til utbetring av grøntareal - til glede for store og små.
Sjå kor grønt og frodig det blei! (Klikk på bilda for stor visning)