Varsling om utsendt framlegg til endring av gjeldande forskrift

Varsel om utsendt framlegg til endring av gjeldande renovasjons- og slamforskrift for SIMAS IKS.

Saken gjelder forskriftsendring om fritak for gebyrplikt på eigendomar.

Framlegget baserer seg på eit forslag om endringar av § 18 om fritaksreglar i den noverande forskrifta, samt ei presisering av verkeområde i § 2 om at forskrifta gjeld for eigendomar der det kan oppstå hushaldningsavfall.

Noverande renovasjons- og slamforskrift for SIMAS IKS tredde i kraft 1. januar 2021. Forskrifta gjeld for alle eigarkommunane; Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Bakgrunn for forslag

SIMAS IKS tek ansvar for at forskriftsteksten har hatt upresis ordlyd og at handtering av fritaksreglar etter 2021 har vorte for streng. Vi ynskjer å ha tydelege og føreseielege fritaksreglar i tråd med intensjonen i ureiningslova. SIMAS har forståing for at forskrifta sine reglar for fritak har skapt tvil hjå abonnentane for kva reglar som gjeld ved fritak. Sidan vurderinga av om ein eigedom faktisk vert nytta, og difor er omfatta av gebyrplikta, skal vurderast etter ureiningslova § 34, jf. § 30, føreslår SIMAS å endre ordlyden i forskrifta § 18 tredje til sjette ledd.

Les heile framlegget her.
Forskrifta er gjeven med heimel i Ureiningslova.

Høyringsfrist:

SIMAS ber om at eventuelle merknadar til utkastet blir sendt pr. brev til SIMAS IKS, Postboks 40, 6849 Kaupanger eller på e-post til post@simas.no. Frist: 01.08.2023.

Forrige
Forrige

Sogndal sin nye leikeplass blei grøn og fin med SIMASkompost

Neste
Neste

SIMAS søkjer administrasjonsleiar