SIMAS søkjer administrasjonsleiar
Avfallsbransjen er ein viktig del av det grøne skiftet. No ser me etter ein engasjert administrasjonsleiar som vil få ei sentral rolle i arbeidet.
Som administrasjonsleiar vil du vere ein del av stab- og leiargruppa. Du vil få ansvar for ei avdeling med seks engasjerte medarbeidarar som jobber innafor områda, kunde- og sakshandsaming, arkiv, juss, IKT, berekraft og kommunikasjon.
Som person har du evne til å skape tryggheit og sikre framdrift gjennom god og tillitsfull kommunikasjon. Me ønskjer oss kandidatar som har relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå innan organisasjon og administrativ leiing, eventuelt relevant erfaring.
Søknadsfrist: 18. juni 2023
Omfang: Fast heiltid
Arbeidsstad: Festingdalen, Kaupanger
Noko for deg? Les meir om stillinga på lenka under, og send inn søknad innan 19. juni!