Vinnarteikninga er blitt digitalisert

Venstre: Ferdig digitalisert Aluna Aluminium. Høgre: Originalteikninga frå elev på Leikanger barneskule.

Aluna Aluminum er no blitt digitalisert, basert på teikninga frå ein kreativ elev i Sogn. Karakteren skal spille hovudrulla i eit nytt videoprosjekt.

I haust utlyste SIMAS teiknekonkurranse på 6. trinn i heile Sogn. Det var ein kreativ elev frå Leikanger barneskule som stakk av med sigeren, og teikninga hans blei vald ut til å nyttast vidare i prosjektet.

Då var neste steg å digitalisere teikninga, og no kan du endeleg sjå det det ferdige resultatet i biletet over.

– Me likte denne originalteikninga skikkeleg godt, seier prosjektleiar Jørn Mortensen hjå SIMAS.

– Karakteren er heilt tydeleg ein type metallemballasje, men utan at den er for sterkt prega av eksisterende merkevarenamn. Figuren ser triveleg og morosam ut, og kan få dei fleste til å smile! Me er veldig nøydde med det endelege digitale resultatet óg.

No som teikninga er digitalisert, skal karakteren nyttast vidare i eit videoprosjekt. Målet med prosjektet er å syne reisa til aluminium - frå smelteverket til butikken, frå kjøleskapet til gjenvinningsstasjonen og til slutt som eit nytt produkt.

Videoprosjektet er del av eit større fokus hjå SIMAS; å auke kunnskapen om og eigarskapet til kjeldesortering blant innbyggjarane i Sogn. Me gler oss til vegen vidare!

Over 100 teikningar av Aluna Aluminium

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Studietur for bedrifter: OMBRUK

Neste
Neste

Miljøstasjonane held ope nokre laurdagar i vår