Gratulerer til vinnaren av teiknekonkurransen!

Heile 6. trinn i Sogn har fått vere med i konkurransen, og no er endeleg vinnarteikninga kåra.

Før jul lyste SIMAS og Ungt Entreprenørskap ut teiknekonkurranse kor me utfordra elevane til å teikne hovudrolla i det nye kildesorteringsprosjektet vårt - karakteren Aluna Aluminium.

Med over 100 ulike teikningar å velje mellom, har det ikkje berre vore enkelt:

– Prosessen har vore både moro og litt vanskeleg, då kvaliteten på teikningane var høge, fortel prosjektleiar Jørn Mortensen.

Men no er juryen endeleg komne i mål.

Og vinnaren er… ?

Vinnaren blei den teikninga som skapte aller mest smil rundt bordet:

Vinnarteikninga av Aluna frå Elias på Leikanger barneskule.

Premien blei tatt imot til jubel frå heile klassen.

– Denne teikninga likte me skikkeleg godt, forklarar prosjektleiaren.

– Karakteren er heilt tydeleg ein type metallemballasje, men utan at den er for sterkt påverka av eksisterende merkevarenamn. Figuren ser triveleg og morosam ut, og kan få dei fleste til å smile!

Gratulerer til vinnaren på Leikanger barneskule!

Premieutdelinga skjedde som ei overrasking for elevane, med servering av pizza til lunsj for heile klassen og innramma originalteikning i tillegg til diplom til vinnaren.

No skal karakteren digitaliserast og nyttast vidare i eit videoprosjektet. Målet er å syne reisa til aluminiumen - frå smelteverket til butikken, frå kjøleskapet til gjenvinningsstasjonen og til slutt som nytt produkt tilbake i butikk.

Over 100 kreative bidag

Forrige
Forrige

Treff SIMAS på Sirkulærdagane i Sogndal

Neste
Neste

Kan skuleelevar hjelpe oss med “SMARTere teknologi”?