Treff SIMAS på Sirkulærdagane i Sogndal

Neste veke blir det fokus på ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag på Campus Sogndal.

Sirkulærdagene blir arrangert mandag 13. mars til onsdag 15. mars i regi av Høgskulen på Vestlandet. Desse dagane vil det vere ei rekke arrangement på Campus Sogndal, kor alle har til felles at dei rettar søkelyset mot korleis me kan få ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag.

Sjå heile programmet her

Me i SIMAS synest dette er eit flott initiativ, og er glade for å delta.

Du møter SIMAS her:

  • Sofaprat: Det grøne klesskiftet
    Dampskipskaien, mandag 13. mars kl. 18-18:30
    Stina Skjerdal (Naturvernforbundet), Jørn Mortensen (SIMAS) og Mia Sande (Omatte) snakkar om berekraft i klesindustrien.

  • Stand med sorteringskonkurranse
    Kantina i 4. etg, tysdag 14. mars kl. 10-12

Det finst óg eit Facebook-arrangement kor du kan halde deg oppdatert. Sjåast me der?

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bli med på Vårryddedagen laurdag 18. mars

Neste
Neste

Gratulerer til vinnaren av teiknekonkurransen!