Bli med på Vårryddedagen laurdag 18. mars

Den felles innsatsen på Vårryddedagen bidreg kvart år til å fjerne store mengder bos frå norsk natur.

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp avfall i naturen i takt med at snøen smeltar. Kvart år engasjerer fleire tusen seg for å rydde opp, og Hold Norge Rent sparkar i gang ryddeåret med Vårryddedagen 18. mars. 

Målet er å ha ein felles ryddedag når boset kjem til syne etter snøsmeltinga. Det er viktig at dette skjer før ferdselsforbudet trer i kraft 15. april og hekketida er i gang for fullt.

Dette skjer på vårryddedagen:

Laurdag 18. mars vil det vere fleire arrangement rundt om i landet. Du kan følgje med på ryddenorge.no for informasjon om dei ulike ryddeaksjonane, eller du kan starte din egen.

Hold Norge Rent deler ut gratis ryddeutstyr til alle som vil rydde. Du finn ditt nærmaste hentepunkt hjå ryddenorge.no.

Du kan levere avfallet frå Vårryddedagen i blanke sekkar kostnadsfritt på næraste miljøstasjon.

Slik blir du med:

  1. Finn din nærmaste ryddeaksjon

  2. Eventuelt, opprett din eigen ryddeaksjon og inviter med deg venner og kjende. Hugs å gje ryddeaksjonen din namn «Vårryddedagen».

  3. Rydd og samle inn bos i ditt nærområde og lever inn

  4. Del bilder og filmer med @holdnorgerent på sosiale medium. Saman skapar me engasjement!

Me håpar du vil vere med på årets Vårryddedag!

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Velkommen til Sirkulære Sogn

Neste
Neste

Treff SIMAS på Sirkulærdagane i Sogndal