Velkommen til Sirkulære Sogn

Få med deg fagdag om sirkulær økonomi for kommunar og næringsliv i Sogn, torsdag 20. april på Villakssenteret i Lærdal.

Sjå arrangement på Facebook.

 

Program

Møteleiar: Pål Medhus, Høvet Støtt

10.00: Velkomen v/Ingeborg Lysne, Lærdal kommune
10.10: Kva er berekraftig sirkulær økonomi? v/Torunn Hønsi, Vestlandsforsking/SIMAS IKS
10.20: Korleis få meir verdiskaping av avfallsressursar frå Sogn? v/Dagny Alvik, SIMAS IKS
10.30: Kompetanseløft for sirkulær økonomi i Sogn v/Sogn kompetanse


Redusere forbruk og redusere avfallsmengder

10.45: Miljøfyrtårnsertifisering - ein nøkkel til suksess? v/Heidi Helle, Norplan.
10.55: Matsvinnprosjektet til SIMAS v/Dagny Alvik, SIMAS IKS
11.05: 10 min pause


Leasing, utleige, ombruk og reperasjon

11.15: Ombruksprosjektet i Lærdal v/Ingeborg Lysne, Lærdal kommune
11.25: Effekt lab/SAMAN prosjektet i Sogndal v/Birgitte Karlstrøm, Sogn Næring
11.35: Medvite miljøengasjement gjennom samfunn, mote og kreativitet v/Upscale design

12.00: LUNSJ – 1 times pause


Bygge om på nye måtar, resirkulere

13.00: Kubbegolvproduksjon av kapp frå Are Treindustrier v/Ståle Loftesnes, TIMBLA
13.10: Klimasprang Kaupanger v/Karoline Søvik Myklebust, Sogn Næring
13.20: Kan landbruksplasten gå i loop? v/Kim Eriksen, Infraplast


Resirkulere og energiutnytting

13.35: OxyWTE planar i Årdal v/Frank Øvstetun, Sitep
13.45: Sirkulære Høyanger v/Ingrid Heggø, Høyanger kommune
13.55: Sirkulær aluminium v/Wenche Eldegard, Hydro
14.05: Inspirasjonsforedrag v/Pål Medhus, Høvet støtt

14.30: 10 min pause og fordeling. Me nyttar pausen til å dele inn i to tematiske diskusjonsgrupper


14.40-16.00: Gruppediskusjonar om behov for FoU rundt sirkulær økonomi i Sogn. Forskarar frå ulike forskingsmiljø og verkemiddelapparatet deltek.


GRUPPE 1:

Korleis kan vi skape nye sirkulære forretningsmodellar for redusert forbruk, ombruk, reparasjon og material gjenvinning i Sognekommunane?


GRUPPE 2:

Kva treng vi av ny kunnskap for å få til industriell symbiose og sirkulært samarbeid mellom næringslivet og dei grøne industri-HUBane i vår region?


Me avsluttar med korte pitchar om moglege støtteordnignar og tilskot til FoU prosjekt for kommunar og næringsliv frå Norges Forskingsråd, Innovasjon Norge og Forregion Vestland.

 
Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Miljøstasjonane held ope nokre laurdagar i vår

Neste
Neste

Bli med på Vårryddedagen laurdag 18. mars