Kan skuleelevar hjelpe oss med “SMARTere teknologi”?

Saman med Ungt Entreprenørskap vil me utfordre elevar i Sogn på å finne kreative og berekraftige løysingar som kan hjelpe avfallsbransjen.

Undervisningsopplegget SMARTere teknologi blir gjennomført i regi av Ungt Entreprenørskap Vestland.

Gjennom opplegget blir 6. klassingar i heile fylket utfordra til å bruke eigen kreativitet og kunnskap til å løyse reelle problemstillingar i samfunnet.

Dei får utlevert ei problemstilling frå ei verksemd i lokalområdet, og skal saman komme opp med ei løysing på problemet. Kanskje vil ikke løysinga vere gjennomførbar i dag, men om 50 år.

Problemstilling frå SIMAS

For elevane i Sogn, er det SIMAS som i år har bidrege med ei aktuell problemstilling:

Korleis kan ein, ved hjelp av teknologi, motivere folk til å bli flinkare til kjeldesortering, ombruk og/eller å lage mindre avfall?

Heile forklaringa kring problemstillinga kan du sjå i videoen nedst i saka.

Viktig å lytte til dei unge

– Det er veldig kjekt å bli spurt om å bidra i undervisningsopplegget, seier trainee i SIMAS, Jørn Mortensen.

– Problemstillinga dei har fått er høgaktuell for renovasjonen i Sogn. Me ønskjer at dei unge óg får eit eigarskap til kjeldesortering og ombruk, og då tykkjer me det er viktig at dei får kome med sine forslag og idear.

No gjenstår det berre å sjå kva løysingar skuleelevane kjem opp med. Me i SIMAS gler oss til å sjå ideane!


Sjå presentasjonen til elevar i Sogn:

SMARTere teknologi, problemstilling SIMAS

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Gratulerer til vinnaren av teiknekonkurransen!

Neste
Neste

– No skal me i Årdal bli skikkeleg gode på kjeldesortering