Sjå alle bidraga i teiknekonkurransen på 6. trinn
Elevane har teikna karakteren Aluna Aluminium til det neste filmprosjektet vårt. Ser du eit bidrag du kjenner?
Før jul lyste SIMAS og Ungt Entreprenørskap ut teiknekonkurranse for alle 6. klassingar i Sogn. Her utfordra me elevane til å teikne hovudrolla i det nye kildesorteringsprosjektet vårt.
Vinnaren får teikninga si digitalisert av illustratør og brukt vidare i filmprosjektet.
– Over all forventing
Ein del av utfordringa var å klare å sjå for seg korleis figuren skal sjå ut. Det skal vere ein type metallemballasje, men har Aluna kanskje hår på hovudet, briller eller fotballsko? Berre fantasien fekk setje grenser.
Fristen for konkurransen var 1. januar, og no er alle bidraga komne inn.
– Dette har gått over all forventing, seier prosjektleder og trainee i SIMAS, Jørn Mortensen. Han fortel at han har fått inn over 100 teikningar totalt, og er kjempeimponert over kreativiteten til elevane.
– No gler me oss til å kåre vinnaren, som mellom anna vinn pizza til heile klasssen sin.
Sjå alle bidraga:
Klikk på bileta for stor visning.
Aurland
Gaupne
Hafslo
Leikanger
Årdal (Farnes)
Årdal (Tangen)
Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.