SIMAS søkjer trainee innan juss/økonomi

Lyst til å være med på arbeidet mot ei meir berekraftig framtid i Sogn?

SIMAS ser no etter ein trainee innan juss og økonomi. Stillinga er ein del av trainee-ordninga til Framtidsfylket, og vil vare frå august 2023 til august 2024.

På vegen mot det grøne skiftet

Avfalls- og gjenvinningsbransjen har ei nøkkelrolle i det grøne skiftet, og i omstillinga til sirkulær økonomi. Som trainee vil du å ha stor påverknad på korleis vi i SIMAS jobbar med desse problemstillingane.

Me ser etter ein initiativtakar med juridisk eller økonomisk bakgrunn, som ynskjer å delta aktivt i vårt arbeid i administrasjonen.

Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til offentlege anskaffingar, GDPR/personopplysningslova, miljørett og juridiske avklaringar i sakshandsaming med aktuelle lover og forskrifter. I tillegg til varierte oppgåver, vil du få ein køfri kvardag i naturskjønne omgjevnadar i Sogn - i lag med mange triveleg kollegaer.

Høyrest det ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer!

Send søknad til Framtidsfylket

Du søkjer på traineestilling hjå SIMAS, men sjølve søknaden sender du til Framtidsfylket.

Søknadsfrist 15. mars 2023.


Sjå korleis det er å vere Trainee hjå SIMAS:

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Sjå alle bidraga i teiknekonkurransen på 6. trinn

Neste
Neste

Kvifor resirkulere plastemballasje?